Back to search

GRØNNPLATTFORM-Grønn plattform

Green Deep Sea Logistics - Effektiv og klimavenleg langdistanse tørrbulklogistikk

Awarded: NOK 97,519

Project Manager:

Project Number:

323550

Project Period:

2021 - 2021

Funding received from:

Location:

I dette prosjektet skal det gjennom breitt samarbeid utviklast ei grøn, heilskapleg verdikjede for tørrbulklogistikk. Prosjektet vil ta utgangspunkt i eit «case» for å utvikla klimavenleg transport av alumina frå Brasil til Hydros smelteverk langs norskekysten, men vil ha viktige overføringsverdiar til internasjonale tørrbulkaktivitetar og tilsvarande logistikkjeder. Prosjektet involverer FoU- og innovasjonsaktivitetar, og koplar næringsaktørar frå kunnskapsorganisasjonar og teknologibedrifter til sluttkundar. Dette vil gi gjennomføringskraft til å raskare sikra effektiv grøn omstilling i eit stort og viktig segment i maritim sektor som manglar klimavenlege løysingar. Skipsfarten står for 2-3 prosent av dei globale klimagassutsleppa, og dei største skipa som går i langdistanse (Deep Sea) står for om lag 80 prosent av desse utsleppa. For å få til innovasjon og nødvendige utsleppskutt, trengst det samarbeid om store grøne omstillingsprosjekt retta mot Deep Sea-aktivitetar. Hausten 2020 gjennomførte NCE Maritime CleanTech ein designdreven innovasjonsprosess for utvikling av klimavenlege transportløysingar for Hydro som vareeigar. Prosjektet resulterte i eit tidlegfasekonsept som kan danna grunnlag for ein ny og klimavenleg logistikk av tørrbulklast på store Deep Sea-fartøy over verdshava, kopla med utsleppsfri transport inn i dei norske fjordane. Prosjektet har stor relevans og overføringsverdi til andre vareeigarar og skipstypar. Tidlegfasekonseptet legg opp til ei løysing med eit nytt energieffektivt og klimavenleg tørrlastskip som går frå Brasil opp til ein omlastingshub langs norske kysten. Huben er strategisk plassert i forhold til dei fem smelteverka til Hydro. Lasta skal der lastast over til mindre utsleppsfrie fartøy som transporterer lasta til dei enkelte smelteverka i fjordane. Dette forprosjektet skal basert på tidlegfasekonseptet starta utviklinga av ein grøn plattform for samarbeid om Deep Sea-innovasjon med norske aktørar i førarsetet.

Funding scheme:

GRØNNPLATTFORM-Grønn plattform

Funding Sources