Back to search

HELSEINNOVASJON-Helseinnovasjon

Hyperbar oksygenering i rehabilitering etter hjerneslag

Awarded: NOK 0.30 mill.

I dette prosjektet ynskjer vi å bygge eit nytt og innovativt rehabiliteringstilbod for personar med kronisk funksjonssvikt etter hjerneslag. Det lever rundt 45000 personar i Norge med kroniske funksjonstap som følge av hjerneslag. Funksjontapa kan vere kognitive, motoriske, psykologiske eller ein kombinasjon av desse. HBOT er brukt i ei rekke behandlingar der det er behov for å fremme regenerering av vev, td sårbehandling, nokre former for kreftbehandling og brannskader. Etter eit hjerneslag startar ein prosess der hjernen regenerere øydelagt vev og dei aller fleste slagpasientar opplever ei sterk forbetring dei første vekene etter hjerneslaget. For dei som lever med kronisk funksjonstap, er det behov for metodar for å auke regenereringa slik at ein unngår kronisk funksjonssvikt. Det få tilbod om rehabilitering i denne perioden. HBOT kan stimulere regenerering ved å auke graden av oksygen som er tilgjengeleg i plasma og det er no sterke funn på at HBOT fører til auka grad av regenerering av hjernevev til pasientar i ein kronisk fase etter hjerneslag. For at HBOT skal vere eit realistisk behandlingstilbod, må det vere innanfor visse kostandsrammer og innanfor eit tidsrom som er gjennomførbart på individnivå. Vi ynskjer difor å finne eit godt oppsett for kombinasjonsterapi, der vi kombinerer HBOT med anna form for rehabilitering. Det er gode nevrofysiologiske argument for dette. Vår hypotese er at dette både kan forkorte HBOT-behandling og at det gir eit betre utfall. Prosjektet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, NUI, Helse-Bergen, Bergen kommune, Haraldsplass diakonale sykehus og LHL-hjerneslag og kombinerer brei kompetanse i rehabilitering, medisin, nevrovitskap og hyperbar medisin. Vi har pasientorganisasjon med frå starten av prosjektet og dei vil vere aktive i heile prosessen. Målet vårt er å bygge eit rehabiliteringstilbod som kan implementerast i helse-vesenet, og samarbeidet med både primær- og spesialisthelsetenesten er difor også svært viktig.

Funding scheme:

HELSEINNOVASJON-Helseinnovasjon

Funding Sources

Thematic Areas and Topics