Back to search

ENERGIX-Stort program energi

International Conference on Maritime Hydrogen and Marine Energy 2021

Awarded: NOK 99,999

Project Number:

328609

Project Period:

2021 - 2021

Funding received from:

Organisation:

Location:

Konferansen har som mål å samle aktørar innan hydrogenteknologi og marin energi for å dele kunnskap og kompetanse, samt å diskutere og konkretisere framtidas løysingar. Dette skal bidra til å redusere klimagassutslepp i maritim sektor og auke norske bedrifter si verdiskaping. På den måten skal konferansen bidra til å styrke Norge sin maritime posisjon og legge grunnlag for eksport av miljøvennlege teknologiske løysingar. Det fins ikkje andre konferansar i verda som foreiner maritim hydrogenteknologi og marin energi. Hydrogen er ein energibærer og treng ein energikjelde. Havet er ei stor energikjelde og Norge er verdsleiande på havteknologi. Kvar for seg har både hydrogen og marin energi stort potensial, men saman kan det løyse mange utfordringar. Men det er enda tidleg fase for denne type teknologi og det trengs både auka FoU aktivitet og aktørkoordinering av ulike initiativ. Globalt er reduksjon av klimagassar sentrale mål. Kombinasjonen av at Norge er leiande innan sjøfart og utviklinga av nullutsleppsteknologi med stort eksportpotensiale, gjer den globale effekten av utvikling av norsk maritim hydrogenteknologi stor. For å sikre utvikling og verdiskaping er det viktig å samle næringsliv, forsking, akademia, finans og offentleg verksemd. Konferansen samlar desse til føredrag og workshops. Kunnskapsdeling bidrar til å løyse teknologiske utfordringar, og sikrar ein stabil og rein energiforsyning. Kopling av disse aktørane vil bidra til fleire maritime forsking- og innovasjonsprosjekt innan hydrogen. Konferansen har stor verdi for andre FoU-prosjekt fordi den samlar relevante aktørar frå heile verda og er ein arena for diskusjon og workshops. Nasjonale og internasjonale FoU- og universitetsmiljø er aktivt deltakande på konferansen. Arrangementet vil legge til rette for både at FoU prosjekt kan formidle resultata sine, men også at bedrifter kan melde inn relevante FoU tema / spørsmål. Dette kan mobilisere til at fleire aktørar involverer seg i forskingsprosjekt.

Activity:

ENERGIX-Stort program energi