Back to search

DIV-AKT-KT - Planlegging, utredning og evaluering

Helseinnovasjonskonferansen 2022 i Førde - tverrfagleg møteplass for alle med interesse for innovasjon og verdiskaping i helsesektoren

Awarded: NOK 0.10 mill.

Project Number:

332977

Project Period:

2021 - 2022

Location:

Den demografiske utviklinga gjer at dei offentlege helsetenestene i framtida må løyse samfunnsoppdraget sitt annleis enn i dag. Gjennom Helseinnovasjonskonferansen følgjer vi opp signala frå regjeringa om satsing på meir innovasjon for å løyse utfordringar i helsesektoren, jamfør Helsenæringsmeldinga (Sammen om verdiskaping og bedre tjenester, St.meld. 18) og Innovasjonsmeldinga (En innovativ offentlig sektor, St. meld. 30). Begge meldingane peikar på potensialet som ligg i meir samskaping mellom helseforetak, kommunar, privat sektor og akademia. Helsesektoren er avhengig av å ta i bruk teknologiske løysingar for særleg å kompensere for fråflytting og store avstandar. Helsetenester i Noreg vert meir sentraliserte. Vår region omfattar mykje distrikt prega av spreitt busetnad, krevjande geografi og ein aldrande folkesetnad. Vi treng difor å utvikle nye løysingar som gjer oss i stand til å behandle fleire der dei bur. For at helseforetaka og kommunane skal levere betre helsetenester i framtida må vi jobbe for å legge til rette for meir innovasjon i samskaping på tvers av tenesteledd, og i lag med næringsliv og akademia. Kompetansehevande møteplassar er heilt avgjerande for kompetanseheving og naudsynt nettverksbygging på tvers av fag og bransjar. Målet til Helseinnovasjonskonferansen 2022 i Førde er å skape ein felles strategisk arena for deling av kunnskap og erfaringskompetanse. Målet er å styrke tverrsektorielt samarbeid for å auke talet samfunnsnyttige innovasjonar med utgangspunkt i problemstillingar frå helsesektoren. Hovudarrangørar av konferansen er Helse Førde og e-Helse Vestland. Medarrangørar er: Kommunesektorens Organisasjon (KS), Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Høgskulen på Vestlandet (HVL), Innovasjon Norge, Norwegian Smart Care Cluster, Sunnfjord Utvikling og Kunnskapsparken Vestland.

Funding scheme:

DIV-AKT-KT - Planlegging, utredning og evaluering

Thematic Areas and Topics