Back to search

DIV-AKT-KT - Planlegging, utredning og evaluering

Arrangement ang. middelalderkyrkja på Kinn 8 mai 2022.

Awarded: NOK 0.10 mill.

Project Number:

337398

Project Period:

2021 - 2023

Subject Fields:

1. Ekspertar på fagfelt knytt til middelalder, arkeologi, 3D-skanning og steinkyrkjer kjem til Kinn. Dei skal få vere saman i fleire dagar og vi avslutter med eit ope arrangement tilgjengeleg næringslivet m.a. reiselivet, Kinn Kommune, Vestland Fylke og evt. andre som vil kome. 2. Fabrica Kulturminnetjenester og NIKU er to av aktørane som skal delta på seminaret m.a. for å 3D-Skanne kyrkja på Kinn og området rundt. NIKU har tidlegare m.a arbeidd med Jellestadskipet – les meir her: https://www.niku.no/prosjekter/jellestadskipet/ og har av liknande prosjekt utført 3D-skanning av Moster gamle kyrkje. Les meir her: https://www.niku.no/2021/04/dokumenterer-moster-gamle-kirke/ 3. Gjennom å setje i verk dette prosjektet på Kinn, er vi med på å gjere kyrkja enno meir synleg og kjent, t.d. i akademiske kretsar, og løfte ho fram som ei av dei aller mest interessante kyrkjene i landet. I nokre fagmiljø er Kinn kyrkje rekna som topp-10 av mellomalderbygg i Norge. Dette vil vere viktig for å synleggjere Kinn som kulturbasert reisemål. 4. Di meir kjend kyrkja blir, di meir følgjeeffekt kan det få på turisme og trafikk til Kinn. Prosjektet vil vere med på å styrke Kinn og Kinnakyrkja som kulturdestinasjon, og kulturbasert reiseliv er ei nisje i sterk vekst. Mange vil i tida framover ønskje å kome til Kinn og oppleve den magiske stemninga der. Målet er å forsterke dette gjennom resultata frå forskarseminaret som blir formidla gjennom bok og nettside i 2023. 5. Det er viktig å kunne opplyse via ei god nettside, slik at alle som ønskjer informasjon om øya Kinn og ønskjer å reise dit, kan finne det dei treng i tillegg til at born og unge får opplæring i vår eigen kultur og historie. Difor vil det bli utvikla ei eiga nettside som skal driftast av Kinn Kyrkjekontor. Denne nettsida skal innehalde mykje informasjon om Kinn og kyrkja der ute, som kan nyttast både av reiselivet og skuleverket.

Funding scheme:

DIV-AKT-KT - Planlegging, utredning og evaluering