- We need more holistic knowledge about how changes in land use affect nature and about how we can adjust our land use to solve the climate and nature crisis, says senior researcher Kyrre Groven. This is one of the conclusions in a scoping review carried out by the Western Norway Research Institute (Vestlandforsking) for the Research Council in collaboration with Miljøfaglig Utredning AS and the library at Høgskulen på Vestlandet.
The background for the knowledge review is that land use changes pose the gravest threat to biodiversity, but we know too little about the consequences for different nature types and about the mechanisms behind them. Land use changes also play a key role in relation to climate change, both as a cause of greenhouse gas emissions, for example by bogs being drained and ceasing to bind carbon, and as a possible solution to the problem.
The project group has mapped research-based knowledge about connections between land use, biodiversity and ecosystem services (e.g. climate adaptation, carbon uptake and storage). The aim has been to find out what the research says about how sustainable land use is in Norway, dilemmas and conflicts between different societal considerations, and solutions, tools and development opportunities for land management that takes into account both climate and biodiversity.
The discussion results in concrete recommendations where the researchers point to four needs:
1. More general research on the state of nature
2. Criterion for sustainable land management
3. More interdisciplinary research on sustainable land management
4. Research on societal transformation as a prerequisite for sustainable land use.
Det har mangla oversikt over forskingslitteraturen i skjeringspunktet mellom arealbruk, naturmangfald og økosystemtenester. Dette er bakgrunnen for oppdraget. Vi meiner at dei parallelle kunnskapsoppsummeringane som er gjennomført av Vestlandsforsking og NINA kompletterer kvarandre og til saman dannar eit godt kunnskapsgrunnlag for vidare prioriteringar av forskingsinnsatsen på området.
For Vestlandsforsking har oppdraget bidratt med kompetanseutvikling ettersom instituttet ikkje har vore ansvarleg for gjennomføring av systematisk kunnskapsgjennomgang tidlegare. Oppdraget har også gitt dei involverte fagmiljøa auka kompetanse på substansfeltet konsekvensar av arealbruk og arealbruksendringar.
Det er planlagt å publisere ein vitskapleg artikkel basert på funna i prosjektet. Funna frå prosjektet blir i tillegg formidla gjennom prosjektrapporten, populærvitskaplege arbeid og ulike arrangement.
Dei seinare åra har det blitt sett søkelys på at klima- og naturkrisene er uløyseleg knytte til kvarandre og må handterast under eitt, og at krisene har det til felles at mange av utfordringane er kopla til arealbruk og arealbruksendringar. Til dette problemkomplekset høyrer også tema som økosystemtenester, sårbarheit for og tilpassing til klimaendringar, og utveksling av karbon i dei biogeokjemiske systema. Den forskingsbaserte kunnskapen om desse samanhengane er i vekst, også i Norge, men det manglar ein oversikt over tilgjengelege arbeid på området, og dermed også over kunnskapshola. Prosjektet har som hovudmål å bidra til å skaffe oversikt over kunnskapsfronten og kunnskapsmanglane, med vekt på arbeid med relevans til arealbruk på land og i ferskvatn i Norge.
Det å skaffe oversikt over eit breitt kunnskapsfelt som dette, krev kompetanse på systematiske litteratursøk og generering av kunnskapsoppsummeringar. Dette er sikra ved at Biblioteket ved Høgskulen på Vestlandet er med i prosjektgruppa. Kunnskapsoppsummeringa vil bli gjennomført som ein scoping review, ein metode utvikla for å skaffe oversikt over breie kunnskapsfelt og lite einsarta tilfang publikasjonar, inkludert grå litteratur. Krav til repeterbar og transparent kunnskapsgjennomgang blir følgt, med publisering av protokoll med førehandsdefinerte kriterier for kva publikasjonar som skal analyserast. Gjennomgang av dei utvalde arbeida vil skje av minst to prosjektdeltakarar. Dette arbeidet blir utført av eit team med svært erfarne biologar/økologar og forskarar innanfor klima og berekraft. Litteratursøk og analyse opp mot dei tre forskingsspørsmåla vil skje i samråd med ei ekspertgruppe med prof. Dag O. Hessen, prof. Knut Rydgren og forskingsleiar Liv Guri Velle.
For å sikre at kunnskapsgjennomgangen blir relevant for norske forhold, er det oppretta ei brukargruppe med representantar for fire statsforvaltarembete og to kommunar, med bakgrunn i miljøforvaltning, klimapolitikk og planlegging.
Funding scheme:
MILJØFORSK-Miljøforskning for en grønn samfunnsomstilling