Back to search

DIV-AKT-KT - Planlegging, utredning og evaluering

Plast- og komposittkonferansen 2022

Awarded: NOK 0.10 mill.

Plast- og komposittkonferansen er ein årleg event i regi av Norwegian Circular Material Technology (NCMT). Førre gong det blei organisert fysisk var i 2018, og då blei det samla 250 deltakarar frå heile Noreg med interesse for og virke innan plast- og komposittindustrien. Etter nokre års opphald, blei det i fjor arrangert ein digital konferanse, og i år er vi tilbake i fysisk format. Prosjektet for rekruttering og utdanning under konferansen dreier seg om å tilrettelegge delar av programmet slik at det er tilpassa elevar i vidaregåande skule - særskilt faga kjemi, fysikk, matematikk og naturfag, og i tillegg det nye programfaget som er under utvikling på Firda VGS - Klima- og miljøfag. Vi ønskjer å legge til rette for at elevar som er interesserte i realfag, klima, miljø og industri skal få moglegheita til å delta på Plast- og komposittkonferansen. Der kan dei møte likesinna elevar frå andre vidaregåande skular samt få eit første møte med bedriftene som ønskjer å rekruttere dei i framtida. Måten dette blir gjennomført er ved at medlemsbedrifter i NCMT vil i dialog med nærliggande vidaregåande skular og arrangere ein konkurranse for elevane. 20 vinnarar vil få moglegheit til å reise saman med si lokale bedrift til Sandane for å delta på Plast- og komposittkonferansen. Det vil vere eit felles program for desse samt dei lokale vidaregåande skulane i nærleiken av konferansen der forskingsinstitutt og bedrifter har sagt seg villige til både å bidra med forelesningar, demonstrasjon av moderne industriutstyr som 3d-printarar og 3d-scannarar og anna undervisning. Samstundes vil det bli lagt opp til eit sosialt og nettverksbyggande program der både elevane får bli kjende med kvarandre, og dei får møte og bli kjende med deltakarar frå industribedrifter, høgskular, universitet og forskingsinstitutt.

Funding scheme:

DIV-AKT-KT - Planlegging, utredning og evaluering