Norsk havforsking står sterkt internasjonalt, men det er få nasjonale arenaar der havforskarar i Noreg kan samlast for å dele forsking og bygge nettverk. Havforskarmøtet er derfor ein viktig møteplass. Dei ca. 40 - 100 deltakarane kjem frå ulike sektorar og representerer marine fagmiljø frå heile landet.
Havforskarmøtet blir arrangert årleg, og kvart år er fokus på eit spesifikt tema. Eksempel på tema frå dei seinaste åra har vore: «Hvordan få mer mat fra havet» (2017), "Hvordan kan forskere gjøre økologi mer politisk relevant?" (2019), "Klimaendring i havet" (2020, online) og "Nye metodar for å møte morgondagens utfordringar". I år er temaet «Bruk eller vern – arealbruk til havs». I invitasjonen til møtet legg vi fram aktuelle og utfordrande problemstillingar som: Kva betyr vern – eigentleg? Kan vi fortsatt drive oppdrett, fiske og anna kommersiell aktivitet i eit verna havområde? Vil marine verneområde gi større marin produktivitet eller er det berre tapt inntekt? Kan ny industri som dyrking av tang og tare eller vindkraft til havs ha positive effektar for livet i havet? Og kan restaurering av havområde gi oss tilbake tapte naturtypar, flora og fauna?
Vi har booka to fulle dagar på Holmen Fjordhotell i Oslo. Dagane vil bli fylt med diskusjonar, foredrag, poster-sesjonar og sosialt samvær. Vi har invitert ekspertar innanfor møtet sitt hovudtema til å delta i to paneldebattar, leia av ein moderator, der vi håpar på ein livleg diskusjon som involverer publikum.
Det er eit viktig mål for møtet at deltakarane blir kjent på tvers av institusjonar, fagdisiplin og geografi. Det er også viktig for oss å invitere studentar og unge forskarar i fagfellesskapet. Ønsket om å inkludere folk av ulik bakgrunn, alder og nasjonalitet låg bak at vi førre året bytte namn frå «Norske havforskeres forening» til «Norsk Havforskerforening». Ved å bygge opp og sterke det marinfaglege nettverket i Noreg kan vi stimulere til meir samarbeid og nye forskingsprosjekt.