Back to search

Ukjent-Ukjent

Helseinnovasjonskonferansen 2023 - for alle med interesse for innovasjon og verdiskaping i helsesektoren

Awarded: NOK 0.20 mill.

Project Number:

341558

Project Period:

2022 - 2024

Funding received from:

Location:

-

-

Formålet med arrangementet er å skape ein nettverksarena for alle med interesse for innovasjon og verdiskaping i helsesektoren, for å stimulere til auka samhandling på tvers av sektorar. Målet er å samle næringsliv, akademia, helsesektor, gründerar og verkemiddelapparatet, til å dele kunnskap og erfaring, og bygge nettverk og innsikt i helseinnovasjon. Studentar får delta gratis. Konferansen går digitalt, og på programmet står foredrag, paneldiskusjonar, videopitchar av innovasjonar, digital utstilling og temaprat. Aktuelle tema er framtidsvyar i helsesektoren, offentleg-privat samarbeid, teknologi i helse, investeringar og innkjøp, brukarperspektiv og implementering. I tillegg ønskjer vi å fremme forskingsbaserte innovasjonar og kommersialisering av forskingsresultat, samt kva moglegheiter som finst i regionale, nasjonale og internasjonale støtteordningar. Evalueringane frå dei siste to Helseinnovasjonskonferansane viste at mange av deltakarane opplevde stor begeistring for både program og nettverksmoglegheitene på den digitale konferanseplattforma. Å arrangere ein nettverkskonferanse digitalt gjev store moglegheiter for brei rekkevidde og nettverksbygging, og vi ser at vi når ut i mange spennande miljø, både lokalt og nasjonalt. Det langsiktige målet er at konferansen bidreg til å legge grunnlag for fleire tverrsektorielle samarbeid i forsking- og innovasjonsprosjekt i helsesektoren. Helse Førde arrangerer Helseinnovasjonskonferansen 2023 i samarbeid med medarrangørar frå både privat og offentleg sektor: NHO, Innovasjon Norge, KS, Kunnskapsparken Vestland, Høgskulen på Vestlandet, Sunnfjord Utvikling, e-helse Vestland og Norwegian Smart Care Cluster. Slik sikrar vi å skape ein konferanse med høg kvalitet og relevans i fleire miljø.

Funding scheme:

Ukjent-Ukjent

Thematic Areas and Topics