Back to search

BALANSE-Kjønnsbalanse i toppstillinger og forskningsledelse

KARMA - Verktøy for kvalitativ kartlegging av mangfald

Awarded: NOK 1.00 mill.

Prosjektet har som mål å utforme og lansere eit verktøy for kvalitativ kartlegging av mangfald og ulikheit på institutt- og forskargruppenivå. Dette er ei viktig nyvinning som vil sikre nødvendig grunnlag for- og støtte til arbeidet med likestilling og tilrettelegging for mangfald ved norske universitet og forskingsinstitusjonar. Medan utfordringa med å etablere forståing for kjønnsulikheit har hatt ei klar forankring i tankar om likerepresentasjon, tvingar arbeidet med mangfald fram eit behov for å forstå fleire dimensjonar ved ulikheit. Problemstillinga som prosjektet søker svar på er: Korleis kan ein best synleggjere og skape forståing for ulikheit i et fagmiljø på måtar som gir grunnlag for å velje tiltak i handlingsplanar for likestilling og mangfald? For å svare på dette vil vi undersøke og analysere erfaringar frå nyleg gjennomførde prosjekt innretta mot kvalitativ forståing av ulikheit, samt kva fagmiljøa sjølv meiner med mangfald i breiare forstand. Utviklinga av verktøyet vil bygge på undersøking og analyse av erfaringar frå allereie gjennomførde og prosjekt for å danne kunnskapsgrunnlag for utforme eit brukarvenleg verktøy. Utforminga vil også bygge på organisasjonsforsking som viser korleis maktrelasjonar verkar både strukturelt, i samhandling og på symbolnivå. Forskingslitteraturen gir også viktige innsikter i korleis kjønna dynamikkar, rasialiseringsprosessar, klasseulikheit og utenforskap knytt til funksjonsevne verkar i arbeidslivet og i akademia. Vi vil også rette søkelyset mot organisasjonskulturen og inkludere eit analytisk blikk på maktdynamikkar som forskingskultur, epistemisk mangfald og faglege hierarki.

Publications from Cristin

No publications found

No publications found

No publications found

No publications found

Funding scheme:

BALANSE-Kjønnsbalanse i toppstillinger og forskningsledelse

Funding Sources

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project