Sogndal kommune har nytta tillitsreforma som eit høve til å akselerere arbeidet med å endre seg frå ein tradisjonell kommune basert på prinsippa i New Public Management, til ein raskare, smidigare og meir menneskleg kommune som kan vere i posisjon til å sikre seg framtidas kompetanse, møte utfordringane i ei stadig raskare omskifteleg verd, og på same tid møte eit samfunnsoppdrag som aukar raskt i omfang og kompleksitet.
Arbeidet har pågått om lag eitt år, og er akkurat no på veg inn i ei ny fase der konkrete, og til dels omfattande endringar vert implementerte i skala. Til denne fasa vil mobilisering og forankring vere nøkkelingrediensar. Aktivitetane vil kome til gjennom iterative prosessar, og metodebruken og det teoretiske fundamentet er i samsvar med denne måten å jobbe på.