Back to search

MILJØFORSK-Miljøforskning for en grønn samfunnsomstilling

Formidlingssenter for biologisk mangfald og berekraftig arealbruk. Forprosjekt innsikt og utvikling gjennom involvering av målgruppa.

Awarded: NOK 0.40 mill.

Prosjektet er i hovudsak retta mot næringsliv og finans, som er avgjerande aktørar om vi skal få til endring i måten vi forbrukar areal på. Formidlingsarbeidet skal vekke interesse og motivere, og auke deira kunnskap og forståing for naturmangfald og arealbruk. Stiftelsen vil vere eit koplingspunkt mellom næringsliv og akademia. Vi jobbar no med å skaffe oss innsikt. Vi har hatt samtaler med eit utval leiarar innan næringslivet og særleg innan eigedom, Sparebanken Vest og Finans Norge, og fleire politikarar. Tilbakemeldinga er vel jamt over; dette kan vi for lite om – og ja, vi ser det skjer mykje ikring oss. Vi vil følgje opp med fleire samtalar med utvalde leiarar, skaffe innsikt og grunnlag for konseptutviklinga. Parallelt jobbar vi gjennom etablerte bedriftsnettverk for å skaffe innsikt, bygge relasjonar og påverke og mane til innsats gjennom formidling av tema. Første mobiliserande aktivitetet er eit frukostmøte 21. november 2024 i samarbeid med Bergen næringsråd og byutviklingsgruppa. Vi har også avtalt rundbordskonferanse i januar 2025 i samarbeid med Vestland Klimapartnere. I dette arbeidet treng vi å styrke kommunikasjonen med utarbeiding av design, grafikk, pedagogisk kompetanse i samband med involvering mv. Vi har fått ei tildeling frå GC Rieber fondene til forprosjektet, og UiB bidrar med kompetanse på utvikling via Vestlandets innovasjonsselskap (VIS). Det skal bli eit solid fagleg fundert opplegg. Vi vil frikjøpe ressursar frå Institutt for biovitskap (BIO), og dra veksel på erfaringar BIO har frå samarbeid med Stockholm resilience centre. Seminarserien dette skal munne ut i blir ikkje noko formelt utdanningsløp i UiB, men ei inspirasjonskjelde og legge grunnlaget for å ta betre avgjersler. Eit leiarnettverk som hever kompetanse, deler det som virkar og motiverer til innsats for å ta vare på naturen. Først seminar er førebels lagt til Klimafestivalen, Varmere, våtere, villere i Bergen, 12.-15. mars.

Funding scheme:

MILJØFORSK-Miljøforskning for en grønn samfunnsomstilling