Back to search

FOFORMIDLING-FOFORMIDLING

Kven eig sanninga? Desinformasjon, algoritmar, mediemakt og demokrati

Awarded: NOK 35,000

I ei tid der digitale plattformer, sosiale medium og kunstig intelligens spelar ei stadig større rolle i informasjonsflyten, har det blitt vanskelegare å skilje fakta frå fiksjon. Falske nyheiter, desinformasjon og manipulering av informasjon bidreg til å skape uro, mistillit og i verste fall svekka tryggleik i samfunnet. Dette arrangementet set søkelys på korleis media og sosiale medium formar verda vi lever i, og kva konsekvensar dette har for tillit, demokrati og tryggleik. Gjennom ein serie på 2-3 foredrag og panelsamtalar vil publikum få innsikt i korleis algoritmar styrer informasjonsflyten, kva effekt falske nyheiter har på samfunnet, og korleis vi kan motverke propaganda og digital manipulasjon. Hovudtema for arrangementet: Sanning eller manipulering? Korleis media og sosiale medium formar verda vår – Korleis kan vi vite kva som er sant i ei verd styrt av algoritmar, deepfakes og kunstig intelligens? Korleis desinformasjon påverkar tryggleiken vår – Korleis blir falske nyheiter og propaganda brukt for å skape uro og svekke samfunnsinstitusjonar? Kven styrer sanninga? Algoritmar, falske nyheiter og påverknad – Kva makt har teknologiselskapa, og kva skjer med ytringsfridomen når informasjon blir filtrert? Til foredraga vil me nytta forfattarar frå faglitteratur, forskarar, journalistar og teknologiekspertar, både til foredrag og til panelsamtale etterpå. Me ønskjer skape ein engasjerande og fagleg solid diskusjon om framtida for informasjonsflyt og tryggleik i det digitale samfunnet og demokratiet. Prosjektet har som mål å bidra til å styrke kritisk medvit kring informasjon i samfunnet, samt formidle forsking på desinformasjon og tryggleik på ein tilgjengeleg måte for eit breitt publikum.

Funding scheme:

FOFORMIDLING-FOFORMIDLING

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project