Tilbake til søkeresultatene

HUM-Fagkomiteen for humaniora

Frå gammalnorsk til nynorsk: Indre språkhistorie etter norrøn tid.

Tildelt: kr 2,4 mill.

Prosjektnummer:

132303

Prosjektperiode:

2000 - 2004

Midlene er mottatt fra:

Norrønt og moderne skandinavisk (norsk, svensk, dansk) representerer to ulike språktypar. Og overgangen frå det eine til det andre stadiet kan såleis ikkje berre sjåast som ein gradvis overgang med ein del tilfeldige enkeltendringar, men som eit typologis k skifte der fleire einskilde endringar må sjåast i samanheng med kvarandre, til dømes på den måten at endringar som ser ut til å ha lite med kvarandre å gjera, likevel kan ha ei felles årsak. Overgangen frå norrønt til moderne norsk gjeld ikkje berre kas usbøying og ordstilling, men ei rad andre forhold som ein no med utgangspunkt i nyare diakron syntaksforsking er i stand til å setja inn i ein større samanheng. Eit sentralt omgrep i denne samanhengen er reanalyse, som knyter syntaktiske endringar til morsmålstileigninga hos barn. Eit anna omgrep er grammatikalisering. Kombinasjonen av nyare teori og vel dokumenterte språktilstandar vil såleis kunna opna for nye forklaringsmåtar og ei djupare forståing av språklege endringar generelt og av nyare norsk språkhistorie

Budsjettformål:

HUM-Fagkomiteen for humaniora

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet