Tilbake til søkeresultatene

SAMF-Fagkomiteen for samfunnsvitenskap

Kriterier for det vitskaplege ved kvalitativt orientert samfunnsforskning

Tildelt: kr 1,3 mill.

Innan kvalitativt orienterte samfunnsfaglege studiar har det dei seinaste ti-åra vakse fram ein vid bruk av eit mangfald av metodiske løysingar som berre i liten grad er drøfta og prøvd ut mot reflekterte, gjennomdrøfta og prøvde krav til vitskapleg kvali tet. Den sterke interessa i samfunnsvitskaplege miljø til å akseptere og å bruke kvalitative metodar, har m.a. ført med seg ei utvikling der deler av det kvalitative metodeapparatet er henta inn og kopla saman med kvantitative teknikkar på ein slik måte at resultatet vert ein metodehybrid som kan vere til ulempe for kvaliteten av forskinga. Etter kvart ligg det truleg føre ganske mange døme på studiar som såleis er prega av ei uheldig kvantifisering av kvalitativt materiale. På tilsvarande vis vil dokto rgradsprosjektet ta opp ei rekkje andre sider ved kvalitative studiar som eventuelt kan vere problematiske -så som kategoribruk og teoriproduksjon, kvalitetskriterier som er alternative til tradisjonelle krav om representativitet og generalisering, deltak ande observatør sin "konstruksjon" av studert felt, grensedraging mellom kunnskapsproduksjon i kvardagsliv, kunst og fag, og spørsmål om forskingsetiske utfordringar ved observasjon av og formidling frå tette sosiale system.

Budsjettformål:

SAMF-Fagkomiteen for samfunnsvitenskap

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet