Tilbake til søkeresultatene

SAMF-Fagkomiteen for samfunnsvitenskap

Kapital, makt og mobilitet: ein analyse av mobilitetsbaner i det norske sosiale rommet.

Tildelt: kr 1,7 mill.

Prosjektnummer:

140459

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2001 - 2004

Geografi:

Prosjektet tek mål av seg å studere kapitalstrukturar, maktstrukturar og mobilitetsbaner i det norske sosiale rommet gjennom å analysere fire ulike mobilitetskanalar: yrkes-/arbeidslivskanalen, utdanningskanalen, den politiske kanalen og organisasjonskana len. Vidare vil spørsmålet om inklusjons- og ekslusjonsmekanismar i høve til eit norsk maktfelt stå sentralt i prosjektet: baner som fører aktørar inn i, og barrierer som hindrar aktørar frå å ta del i dette feltet må derfor søkjast avdekkast. Empirisk v il dette vil bli gjort gjennom ein analyse av tre delfelt - yrkesfeltet, utdanningsfeltet og det politiske feltet - som så vert søkt syntetisert i ein samanfattande analyse. I det vesentlege vil dette bli gjort på grunnlag av spørjeskjemadata. Teoretisk vil prosjektet primært ta feste i Pierre Bourdieu sin praksisteori, Karl Mannheim sine arbeid om generasjonar, John Goldthorpe sine klasse- og mobilitetsanalysar. Metodologisk vil både potensial og problem i den metodologiske relasjonismen bli søkte drø fta, saman med handlingsteoretiske problemstillingar knytt til spørsmåla om endring, kreativitet og strukturell reproduksjon. Teknisk vil ein kombinasjon av matematiske nærslekta, men sjeldan kombinerte, statiske teknikkar for kategoriske datamengder (ko rrespondanseanalyse, latent klasseanalyse og loglineære modellar) bli utprøvde. Slik vil resultata ein teknikk gjev kunne "mettast" med resultata frå dei andre, og nye innsikter vinnast.

Budsjettformål:

SAMF-Fagkomiteen for samfunnsvitenskap

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet