Tilbake til søkeresultatene

HUM-Fagkomiteen for humaniora

The medieval public sphere. Continuity and innovation in the polemical literature of the investiture contest.

Tildelt: kr 1,2 mill.

Prosjektet inneheld fire hovudbolkar. Del I handlar om teori og metode og inneheld fire kapitel, der dei tre fyrste presenterer teoretiske modellar for handsaminga av den offentlege debatten under investiturstriden, medan det siste kapitelet dreier seg om kjeldeproblematikken knytt til denne debatten på den eine sida og ein gjennomgang av seinare forsking på den andre. Sjølve analysen føregår i dei tre neste hovudbolkane og er inndelt kronologisk. Såleis tek del II føre seg den offentlege debatten i peri oden 1030-1070 hovudsakleg tufta på analysen av fem innlegg i den offentlege debatten. Hovudpunkta frå analysen er samanfatta gjennom konstruere ein ideal-type som inneheld sentrale trekk med den offentlege debatten i den tidlege perioden. Slike ideal-typ ar er sett fram etter kvar hovudbolk. Del III fokuserer på den offentlege debatten i perioden 1073-1088. Denne perioden, kjennemerka av pave Gregory VII sine freistnader på å reformere kyrkja, såg ei endring i debattmønster. Ikkje berre er talet på debat tskrifter langt høgare samanlikna med den føregåande perioden. I tillegg byrjar forfattarane å debattere med kvarandre ved å ta utgangspunkt i motstandardane sine skrivne innlegg. Dette er berre ein faktor som endrar mønsteret i debatten: ved å ta utgangp unktet i ein 'tekst' opnar høvet seg for kritiske jamføringar og det er ikkje utan grunn at langt dei fleste av dei intellektuelle nyvinningane finn stad i denne perioden. Denne delen omfattar, i tillegg til breva frå det kongelege og det pavelege kansell iet, ei analyse av seks skrifter. Del IV granskar den offentlege debatten i perioden 1088 til enden på investiturstriden i 1122 og granskar fjorten skrifter. Jamført med debatten i dei to føregåande periodane, finn me både likskapar og ulikskapar. Desse seine skriftene er i større grad av ein politisk-teoretisk karakter og er kjennemerka av at problem frå dei to føregåande periodane vert tekne opp att, men abstrahert frå den opphavlege historiske konteksten og i staden sett fram som teoretiske problem. Denne endringa gjer sitt til at sjølve debatten endrar karakter: den propagandistiske sida til debatten i den andre perioden er erstatta av ein meir formidlande debatt der ein i større grad fokuserer på teoretiske problem, meir lausrive frå praktiske oms tende.

Budsjettformål:

HUM-Fagkomiteen for humaniora

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet