Tilbake til søkeresultatene

HUM-Fagkomiteen for humaniora

Trade, migration and cultural change in the Indian Ocean

Tildelt: kr 0,82 mill.

Prosjektet er ein del av ei større satsning på Det indiske havets historie ved Universitetet i Bergen. Felles for denne satsninga er eit ikkje-europeisk perspektiv på historia, betydninga av feltarbeid og lokale kjelder, kontaktar med lokale forskarar, og til slutt tverrfaglighet. Prosjektet tek som utgangspunkt at Det indiske havet har fungert som ei kommunikasjonsflate sidan gamal tid, og at oversjøisk handel og migrasjon har påverka lokalsamfunna på ulik vis. Dette er lett å observere i mellomalderen og seinare, men også i gresk-romersk tid var liknande strukturar etablert. Det betyr at handel og sjøfart så vel som migrasjon, busetting, og kulturspreiing vil bli undersøkt i samanhang. Fire historikarar ved Universitetet i Bergen vil arbeide med deler av dette komplekset, to står bak prosjektet. Vesentlige spørsmål er knytta til handel. På den eine sida må ein rekonstruere handelsnettverk, vareflyt, og organisering, på den andre sida må ein sjå på korleis trans-kulturell handel arta seg i praksis .Er det slik at den dominerande handelskulturen (f.eks. den arabiske) overførte sine normer, reglar og omgrep til andre mindre dominerande kulturar? Eit anna viktig spørsmål er i kva grad religionen (buddhisme eller Islam), som følgde i kjølvatnet til handel smennene, braut ned kulturelle barrierar.

Aktivitet:

HUM-Fagkomiteen for humaniora

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet