Tilbake til søkeresultatene

F-FYS-Naturvitenskap, fysikk

Gamma-ray scatter applied to industrial measurement systems

Tildelt: kr 1,3 mill.

Dei siste åra har det vore aukande interesse for å bruke spreidd gammastråling i permanente online system. Det er fleire grunnar til dette: Spreiingstverrsnittet avheng av absorbatoren på ein annan måte enn det fotoelektriske absorbsjonstverrsnittet. Ved å kombinere målingar av absorbsjon og spreiing kan eide derfor få ut meir informasjon. System som utnyttar dette vert kalla "dual modality" system. Vidare forenklar spreiingsmålingar ofte måle-oppsettet eller geometrien til dømes ved å redusere talet på naudsynte kjelder. Spreiingsprinsippet gir også automatisk ei gjennomsnittleg romleg måling, noko som ofte er ein fordel. Spreiingsresponsen er, ulik den for total dempingsmåling, vanskeleg, om ikkje umogeleg, å skildre analytisk. I dette prosjektet vil det bli forsøkt å utvikle semiempiriske modellar for spreiingsprosessar for så å bruke desse for å finne dei beste geometri ske måleoppsetta. Dei spesielle målesystema som vil bli studerte er: - Tilbakespreidd stråling brukt for å finne nivå til dømes i gravitasjonsseparatorar nytta i olje/gass-industrien. - Spreiingsmålingar for analyse av prosessar i kjemireaktorar. - "Dual modality" målingar for å finne gass volum fraksjon og salinitet i vatn i fleirfasestrømming (olje, vatn og gass).

Budsjettformål:

F-FYS-Naturvitenskap, fysikk

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet