Forutsetninga for avhandlinga er at den som faktisk har valda miljøskaden er ansvarleg etter forurensningslovgjevinga eller etter allmenne reglar og at den ansvarlege ikkje er i stand til å betale for skadene. Avhandlinga tek opp spørsmålet om konkursbuet , kreditorar, panthavarar, aksjonærar eller skadevaldar sine kontraktspartar da kan bli ansvarleg for miljøskadane. Prosjektet tek også opp spørsmålet om det bør innførast ei plikt til å teikne forsikring for den som skal drive verksemd som medfører ein r isiko for miljøskader.
Avhandlinga vil i første rekkje behandle situasjonar der miljøskaden skuldast forureining, men utelukkar ikkje at ein kjem til å trekkje inn situasjonar der miljøskadene har andre årsaker.
Om dei nemde rettssubjekta blir ansvarleg e avhengar i første rekkje av ei tolkning av forureiningslovgjevinga. I andre tilfelle må ein bruke allmenne reglar. Eit spørsmål som avhandlinga tek opp er om ein kan skjere gjennom ansvarbegrensninga i aksjeselskapsretten og påleggje aksjonærane eit øko nomisk ansvar for miljøskader aksjeselskapet har påført samfunnet. Her oppstår spørsmålet i kva grad det kan oppstillast ein særleg regel om ansvarsgjennombrot for dei tilfella der det er skjedd på miljøet. Ei utfordring i avhandlinga er å bruke privatret tslege reglar som ikkje utforma for miljøskadesituasjonen.
Budsjettformål:
RAMBU-Rammebeting.,styringsmul. og virkem. for en bærekraftig utvikling