Tilbake til søkeresultatene

HUM-Fagkomiteen for humaniora

Journalisten som forteljar - utvikling av tekst og multimodalitet i avisenes førstesider gjennom 1900-tallet

Tildelt: kr 1,8 mill.

Utgangspunkt Gjennom diskursiv praksis konstruerer journalistar sosiale identitetar som igjen er med på å konstituere lesarane si oppfatning av verda. Desse konstruksjonane skjer gjennom ulike forteljarstrategiar knytt til val av språklege og tekst uelle strukturar på tekstuelt, grammatisk og ordnivå. Gjennom vala sine formidlar journalistane visse intensjonar, visse syn på mottakarane og på seg sjølve. Syna vil igjen vere prega av dei sosiokulturelle og historiske tilhøva tekstene er blitt til i. Sidan norsk presse har gjennomgått store endringar gjennom 1900-talet både når det gjeld kven som er skribentar og mottakarar og kven som støttar/eig avisinstitusjonane, er det grunn til å tru at endringane har "materialisert" seg i språklege og tekstuell e strukturar. Ved å rekonstruere journalistiske forteljarstrategiar frå ulike historiske epokar vil ein kunne få eit inntrykk av korleis tekstprodusentar til ulike tider har vore både tolkar og skaparar av si eiga samtid. På grunnlag av eksisterande kunns kap om ytre endringar som har påverka norsk pressehistorie dei siste 150 åra, er det grunnlag for ei førestelling om at journalisten sin funksjon i norske avistekster har gjennomgått fleire utviklingstrinn i perioden 1885 til 2000. Hypotese Den historisk e utviklinga innan norsk presse har gått i ein sirkel, slik at individuelt orienterte forteljarstrategiar nå er på veg tilbake i moderne avistekster, etter lengre periodar der kollektive og institusjonelle strategiar har vore rådande.

Budsjettformål:

HUM-Fagkomiteen for humaniora

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet