Tilbake til søkeresultatene

IDR-SAMF-Idrett og samfunn

Den sosiale konstruksjon av barnekroppen Forestillingar og praksisar omkring idrett blant barn og unge i Noreg gjennom førre hundreår

Tildelt: kr 1,6 mill.

Prosjektet vil freiste å kaste nytt lys over idretten sin sosiokulturelle tyding. Ved å analysere diskursar omkring barn og unge, kjønn, disiplinering, kultivering og fysisk aktivitet ynskjer prosjektet å avdekkje korleis forestillingar om barn og deira k roppar blir sosialt konstruert og rekonstruert. Diskurs vil her bli forstått som eit sett av utsagn og praksisar som gjennom å innskrive seg i institusjonar framstår som verkelege i ein gitt sosial kontekst. Kjeldene til prosjektet vil vere arkivmaterial e frå ulike arkiv både i det offentlege og det private. Prosjektet vil også ta i bruk gamle lærebøker, instruksjonsbøker, ulike fagtidsskrift (som t.d. innan idrett, pedagogikk, psykologi, medisin) for å avdekkje dei regulerande mekanismer, diskursane. Gj ennom å samanstille desse kjeldene er det mogleg å analysere diskursane og korleis barn og deira kroppar blir opplevd og forstått. Diskurs er eit omgrep som etter kvart er mykje brukt innan mange ulike disiplinar i vitskapen. Med prosjektet håpar ein å k ome med bidrag som kan brukast og gje meining utover idrettsforsking og historiefaget.

Budsjettformål:

IDR-SAMF-Idrett og samfunn

Finansieringskilder

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet