Tilbake til søkeresultatene

JORDBRUK-Jord, planter og husdyr

Kvitkløver som beitevektst til mjølkedyr

Tildelt: kr 4,0 mill.

Prosjektleder:

Prosjektnummer:

151263

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2002 - 2005

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Planteforsk og NLH har nyleg peika ut kvitkløver som den høgst prioriterte forskingsoppgåva innan beiting, med næringsinnhald i beitegrøde som nummer to. Kvitkløver har til no vore lite brukt i beite i Noreg, men ei rekke forhold kan nemnast som bakgrunn for at ein ventar ei auka satsing p å kvitkløver. For å møte mjølkeprodusentane sitt behov for kunnskap om korelis dei skal legge forholda til rette for å utnytte kvitkløveren sitt potensiale mest mogleg, ser ein behov for å få avklart ei rekke problemstillingar. For å finne avlingspotensialet og vekstrytme til kvitkløverbeite basert på ulike kvitkløversortar og under varierandre dyrkingsvilkår vil det bli gjennomført beiteforsøk i tilknytning til Planteforsk Særheim forskingssenter og Planteforsk Kvithamar forski ngssenter. Verknaden av beitetilbod og kraftfôrtildeling på beiteopptak og mjølkeproduksjon vert undersøkt i forsøk ved Mære landbruksskole, Nord-Trøndelag og Øksnevad vidaregåande skole, Rogaland. Ved NLH skal ein undersøkje beitegrøda si næringsverdi ve d hjelp av vom- og tarmfistulerte kyr og studiar av fordøyelsesprosessane hjå desse. Resultata frå prosjektet vil danne grunnlag for: 1) Retningsgjevande tal for avling og vekstrytme i kvitkløverbeite under ulike dyrkingsvilkår, 2) Fôrplanlegging for beitesesongen i høve til nytt fôrmiddelvurderingssystem (AAT-modellen), 3) Råd om avbeiti ngsstrategi og tildeling av kraftfôr på kvitkløverbeite og ved varierande tilgang på beiteareal.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

JORDBRUK-Jord, planter og husdyr

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet