Tilbake til søkeresultatene

FIBA-FoU-basert innovasjon i BA-næringen

Dr.ing. program "Metamorfose 2005 - Eigedomsutvikling og -forvaltning

Tildelt: kr 2,0 mill.

Bygg, anlegg og eigedomsbransjen er i endring, og ein av hovudutfordringane framover er å bidra til større verdiskaping for næringsliv, huseigarar og brukarar. Dette må ta utgangspunkt i vår eksisterande bygningsmasse på vel 210 mill. m2 bygd areal med ein teknisk verdi på ca. 3.000 milliardar kr. Verdiskaping for byggherre og huseigar inneber fokus på: - utvikling- og forvaltning av bygg og eigedomar, - utvikling av nye serviceområde mot leigetakarar og brukarar (facilities management) - profesjonalisering av funksjonen som byggherre mot marknad (kundar og leverandørar) og offentlege myndigheiter. Rammer for prosjektet: Utvikling og forvaltning av næringseigedom og bustader der ein tek spesielt omsyn til eksisterande bysituasjon og miljø, infrastruktur og bygningar. Det skal vera lagt vekt på tverrfagleg utvikling og totalitet sett inn i eit livsløpsperspektiv. Problemst illingane skal vera relatert til krav frå eigedomsbransjen og næringsliv om fleksibilitet og større verdiskaping. Prosjektet og dr.ing programmet vil omfatta casestudiar, analysar og utviklingsoppgåver innan kategoriane : bustader, næringsbygg -kontor og helse/omsorg/sjukehus. Prosjektet omfattar tre hovudaktivitetar: 1. Etablering av 5 års (3 + 2 år) studium i Eigedomsutvikling og -forvaltning 2. Dr.ing program Eigedom - Facilities Management 3. Etablering av senter for Eigedomsutvikling og -forvaltning

Budsjettformål:

FIBA-FoU-basert innovasjon i BA-næringen