Tilbake til søkeresultatene

FRIMED-Klinisk medisin og folkehelse

Kva innverknad har angst, depresjon, smertetilstander og somatiske diagnosar på sjukepengar og uføretrygding?

Tildelt: kr 1,7 mill.

Trygdeforskinga har i liten grad hatt høve til å nytta seg av insentivfri rapportering og prospektive epidemiologiske design i undersøkingar på ulike risikofaktorar for å verta trygda. Prosjektet vil studere sentrale faktorar i forhold til trygd somangstl idelse, depresjon, smertetilstandar og somatiske diagnosar med eit design som møter desse innvendingane. Relativ verknad av dei ulike faktorane på risiko for ulike trygdetilstandar vil stå sentralt i oppsummeringa av arbeida. Både additive modellar og mei r komplekse modellar vil bli testa ut. Følgjande delprosjekt inngår: 1. I kva grad er trygdingsrisiko med ulike somatiske diagnosar påverka av angstliding og depresjon i forkant av uføretrygding? 2. Kva samanhengar finn me mellom smertetilstandar og angst/ depresjon? 3. I kva grad er subjektive vurderingar av eigen funksjonsreduksjon ein prediktor for trygdestatus? 4. Er det skilnad i angst/depresjon sin påverknad på trygdingsrisiko mellom ulike somatiske diagnosar blant Iangtidssjukemeld e (sjukemelding II)? For å kunne studera desse faktorane i relasjon til trygding, koplar prosjektgruppa større generelle helseundersøkingar med register frå Rikstrygdeverket. Datamaterialet til grunn for prosjektet er helseundersøkingane i Nord-Trøndelag (HUNT) og Hordaland (HUSK). Prosjektet vil kunne generere ny kunnskap som vil kunne auke forståinga av sentrale faktorar som verkar inn på trygding.

Budsjettformål:

FRIMED-Klinisk medisin og folkehelse

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet