Tilbake til søkeresultatene

MATPROG-Matprogrammet: Norsk mat fra sjø og land

Samla plantevernstrategi mot teger i norsk pære- og epledyrking.

Tildelt: kr 2,9 mill.

Prosjektnummer:

161790

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2004 - 2007

Geografi:

Skade av teger (Hemiptera) er i dag ei av dei viktigaste årsakene til fråsortering i dei pæresortane som er viktige handelssortar både innan økologisk og konvensjonell dyrking. I eple er også teger viktige skadedyr. Mangel på effektive tiltak er eit avgje rande hinder for å auke lønsemda og arealet med økologisk produksjon. Då dei insektmiddel som har vore mot teger i konvensjonell dyrking forsvinn frå den norske marknaden innan 2005, står ein utan effektive tiltak. Norsk pæredyrking er i dag på eit så låg t nivå at ein står i fare for å få import av utanlandske pærer til låg tollsats i konkurranse med norske eple i hovudsesongen. For å auke produksjonen av norsk pæredyrking på økonomien betrast, og økonomien er avhengig av kvaliteten på produktet. I prosje ktet vil ein utvikle ein samla plantevernstrategi mot teger som byggjer på førebyggjande tiltak der tilhøvet mellom skade på pærer og undervegetasjon/alternative vertsplanter vert undersøkt. Vidare vil ein undersøkje om naturlege fiendar med hovudvekst på parasitoider (snylteveps) kan utnyttast som tiltak mot skadeteger. Til slutt vil ein undersøkje ulike direkte tiltak. Desse vil verta undersøkt både med tanke på økologisk og konvensjonell dyrking. Alle tiltak vil verte undersøk t for negative effektar på nyttefaunaen i frukthagen.

Budsjettformål:

MATPROG-Matprogrammet: Norsk mat fra sjø og land

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet