Tilbake til søkeresultatene

JORDBRUK-Jord, planter og husdyr

Italiensk raigras som kvalitetsfôr til sau

Tildelt: kr 0,15 mill.

Prosjektnummer:

164342

Prosjektperiode:

2004 - 2004

Midlene er mottatt fra:

Organisasjon:

Fôrbehovet til ein sau varierer mykje gjennom året, frå kring 1 FEm/dag i lågdrektighetsperioden opp mot 1,5 FEm i høgdrektigheits-perioden og 3,5 - 4 FEm for ei produktiv trilling-søye etter lamming. For å oppnå ein så høg produksjon stiller dette store krav til delar av grovfôret på eit sauebruk. Med dagens rundballe-teknikk har bonden moglegheit til å vera meir fleksibel med omsyn på å kunne velja det beste grovfôret i periodene sauen treng det mest. Kravet til godt vår- og haustbeite er stort på eit sauebruk. Vårbeitet er viktig for ein god mjølkeproduksjon hjå søya medan ein har behov for gode haustbeite til sluttfôring av lam som ikkje er slaktemogne frå utmarksbeite. Vårbeite på innmark fører som regel til reduserte avlingar. Haustbeiting har min dre negativ verknad på enga enn vårbeiting, så framt den vert avslutta i god tid slik at plantene rekk å førebu seg til vinteren. For å ha eit godt beite utover hausten er det difor ofte aktuelt å ha eit areal med raigras med gjev god gjenvekst og som ein ikkje treng ta omsyn til skal overleve til neste år. Ein sauebonde ynskjer å ha mykje varig eng som tåler beiting godt. Han ynskjer difor å fornye ein forholsvis lite areal kvart år og bruke mykje husdyrgjødsel på det arealet han fornyar. På grunn av høg produksjon og lang vekst-sesong, vil raigraset kunn e nytte husdyrgjødsla godt. På bakgrunn av desse utfordringane ynskjer vi å prøve ut Italiensk raigras i blanding med korn som blir sådd i juni etter vårbeiting på enga. Ei avling, som vil bestå av korn og raigras i blanding, blir fortørka og konservert i byrjinga av august, medan g jenveksten, som vil bestå av raigras, blir kvalitetsbeite utover september og oktober etter sauen kjem frå utmarksbeite. Avlinga som skal bli konservert er avhengig av å bli fortørka. Vi vel difor Italiensk Raigras som er meir fleksibel med omsyn til fôrk valitet og haustetidspunkt. Ein har da større moglegheiter til å lykkast med fortørking. Vi ser eit stort potensiale i denne plante- og driftskombinasjonen, men det vi har ikkje funne dokumenterte forsøk der dette er prøvd ut. Vi ynskjer å kunne gjennomfø re dette forsøket i år for å raskt kunne ta i bruk kunnskapen i praktisk rågjeving og drift. Forsøket består av: 1) Avlingsforsøk i småruter med ulike kornsortar i blanding med Italiensk raigras og perserkløver 2) Ensileringsforsøk i forlenging av småruteforsøket 3) Konserverings-forsøk - stor skala

Budsjettformål:

JORDBRUK-Jord, planter og husdyr

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet