Tilbake til søkeresultatene

P-KVINN-Program for kvinne- og kjønnsf

Samlivskurs. Ein kulturanalytisk studie av kjønn, likestilling og parforhold.

Tildelt: kr 2,4 mill.

Prosjektnummer:

170108

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2005 - 2008

Geografi:

Målet med forskingsprosjektet er å studere kva for kulturelle førestellingar og diskursar som konstituerer kjønn og likestilling i heteroseksuelle parforhold i ein norsk samanheng. På eit overordna plan handlar det om vilkåra for danning av kjønnsidentite t i Noreg i dag, om kva det inneber å vere mann og kvinne, å vere par. Utgangspunkt for analysen er empiriske undersøkjingar av samlivskurs og par som har teke del på slike kurs, forankra i humanistiske og kulturfaglege tradisjonar. Samlivskurs gir eit u nikt innsyn i den stadig veksande kollektive refleksjonen over kva eit parforhold skal innehalde, byggjast på og kva som vert forventa av dei ulike partane. Med sine ønskjer om å førebyggje vanskar i samlivet rettar kursa søkjelys på kva vilkår som held p ar saman, på kva som skaper eit godt parforhold. Samlivskurs er ein relativt ny kulturell praksis og det finst derfor svært få studiar av slike kurs i Noreg. Dette vil verte det første forskingsprosjektet i Noreg som bruker samlivskurs til å seie noko om normer for kjønn, likestilling og parforhold. Velferdsstaten løyver økonomisk og ideologisk støtte til ulike samlivskurs gjennom å gi pengar til private organisasjonar og offentlege institusjonar som driv slikt arbeid. Studien har brei samfunnsmessig rele vans både ved å analysere statsstøtta verksemd og gjennom å bidra til refleksjonar over normer for kjønn, likestilling og parforhold i Noreg i dag. Heteroseksuelle par fell inn i sosialt etablerte og dominerande praksisar. Prosjektet er eit forsøk på å ka ste lys over kompleksiteten og mangfaldet i det som vert oppfatta som ei norm, med hjelp av perspektiv på heteronormativitet og normativ feministisk teori. Målet er ikkje å finne fram til sanninga om kjønn, likestilling og parforhold, men å utforske empir iske manifestasjonar og kategoriseringar av desse og utfordre både forskarane sine eigne forståingsrammer og dei kulturelle forståingane som dominerer i samfunnet.

Budsjettformål:

P-KVINN-Program for kvinne- og kjønnsf

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet