Forskingsrådet finansierer eit prosjekt "Leige av lausøyre -- Study Group on a European Civil Code" ved Det juridiske fakutet, Universitetet i Bergen for 2005 og 2006.
Dette prosjektet har ført Universitetet i Bergen inn eit "network of excellence" som e r etablert ved avtale mellom EU-kommisjonen og eit konsortium av 16 europeiske universitet og institusjonar. Føremålet med nettverket er å utarbeide ei "sams referanseramme" for europeisk kontraktsrett og å styrkje den europeiske forskinga på dette område t.
Det blir no søkt om midlar til eitt postdoktorstipend og eitt doktorgradsstipend med det føremålet å vidareføre den kompetansen som forskingsrådsprosjektet og deltakinga i nettverket gjev, og å byggje opp ny kompetanse på grunnlag av dei organisatoris ke og menneskelege ressursane som særleg nettverket gjev tilgang til.
Postdoktorstipendet har som ramme "rettar i formuesgode -- eit nordisk perspektiv" og tek sikte på å analysere nokre grunnleggjande spørsmål i europeisk formuerett. Resultatet skal bli ein studie som dels formidlar det nordiske perspektivet på desse grunnlagsspørsmåla til eit europeisk publikum, dels byggjer ei bru til andre lands metode og tenkjemåte for nordiske juristar. Ein slik studie vil få stor verdi som "grunnforsking", samtidi g som emnet i høgste grad har praktisk interesse.
Doktorgradsstipendet skal også knytast til rettssamanlikning innafor kontraktsretten og andre delar av formueretten.