Tilbake til søkeresultatene

MATPROG-Matprogrammet: Norsk mat fra sjø og land

Norske kvalitetsplommer - friske fram til forbrukar

Tildelt: kr 2,0 mill.

Prosjektnummer:

174063

Prosjektperiode:

2006 - 2009

Geografi:

Det er sterk konkurranse i fruktmarknaden, men alle dei store omsetningskjedene i Norge meiner dei kan selja meir storfrukta norske kvalitetsplommer. Hovudutfordringa i dei næraste åra er å sikra høg kvalitet og jamn mogning av dei marknadsførde plommene. Dette krev at dyrkarane haustar til rett tid. For å få ei felles forståing av kva som er rett haustetid vil ein sjå på samanhengen mellom ytre kvalitetsmål som farge og storleik og indre kvalitet som sukker, syrer, fastleik og antioksidantar. Enkle hjel pemiddel som t.d. fargekart vil verta utvikla, og ein vil studera korleis fruktkvaliteten og haustetida vert påverka av klimatiske og dyrkingstekniske faktorar. Alle ledd i produksjons- og omsetningskjeda må leggja vinn på å omsetja plommene raskt og med optimale temperaturar for å unngå kvalitetstap og svinn. Ein må få innarbeidd rutiner hjå dyrkarane for rask kjøling heime, eller rask inntransport til fruktlageret. Plommer kan kjølast ved at kald luft vert tvinga gjennom paller med frukt i ein kjøletu nnel. Norconserv vil gjera målingar med luft- og vasskjøling (dusja i kaldt vatn) for å finna optimale rutiner for kjøling av plommer på fruktlagra. Ein vil og sjå om ein får auka risiko for utvikling av rote i frukter som har vore kjølt. Ein vil gjennom føra forsøk med ulike system og sensorar for maskinell måling av kvalitet hjå plomme. Når søkjarane har kjøpt inn sorteringsanlegg, vil ein gjennomføra testar med dei aktuelle norske plommesortane, og tilpassa maskinene til best mogleg varsam og effektiv sortering av norske plommer. For å leggja til rette for utnytting av fråsorterte plommer, vil ein etablera nettverk for større og mindre verksemder som kan utnytta desse plommene som råvare i produksjonen. Ein vil laga ei ny dyrkingsrettleiing bygt på tidlegare rettleiingar og resultata frå prosjektet. Deler av prosjektet skjer i samarbeid med forskingsmiljø i Polen og Italia.

Budsjettformål:

MATPROG-Matprogrammet: Norsk mat fra sjø og land