Tilbake til søkeresultatene

BIONÆR-Bionæringsprogram

Utvikling og tilpassing av rammevilkår for arealekstensive driftsformer i vestlandsjordbruket for å ivareta eit ope kulturlandskap

Tildelt: kr 3,0 mill.

I fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland er det registrert nedgang i tal bruk, areal i drift og tal grovfôretande dyr i perioden 2000 - 2005. Reduksjonen har vore størst langs kysten. På bakgrunn av desse endringane har det vorte reist spørs mål om dagens dyretal er tilstrekkeleg for å oppretthalde eit ope kulturlandskap i alle vestlandsbygdene slik som for få år sidan. I eit forsøk på å snu utviklinga og redusere den pågåande gjengroinga av jordbrukslandskapet på Vestlandet vil det i prosjek tet bli fokusert på endra utnytting av eksisterande dyremateriale gjennom å ta i bruk bærekraftige arealekstensive driftssystem der produksjonen i større grad vert basert på bruk av grovfôr og beite. Viss ein til dømes vrir kjøtproduksjonen over frå inten siv innebasert oppforing av oksar over på kastratar ligg det i dette eit unytta potensiale for auka utnytting av grovfôr og dermed større uttak av biomasse. Produksjon av storfekjøt på kastratar er derfor sentralt i prosjektet. Eit anna mogeleg tiltak er å redusere produksjonen av biomasse slik at den vert betre tilpassa behovet på den enkelte gard. Dette kan ein oppnå ved å ta i bruk alternative frøblandingar og gjødslingsstyrke der ein vektlegg avlingskvalitet framfor mengde og vel kvalitativt gode sort er med noko mindre produksjon av biomasse og sortar med eigenskapar for t.d. varigheit og evne til nitrogenfiksering. I prosjektet vil ein gå inn i tilskotsystema og vurdere korleis tilskotspolitikken kan endrast for å stimulere til slike meir arealeksten sive driftssystem og tilpasse desse til vestlandsjordbruket. I prosjektet vil også dei landskapsmessige endringane verte dokumenterte, og ein vil sjå på kva som er dei bakanforliggande drivkreftane. Dette vert eit tverrfagleg prosjekt der tre fagområde me d ulik innfallsvinkel til problematikken kring ekstensivering av driftsmetoder og bruk av areal har inngått samarbeid. Resultata frå prosjektet vil enkelt kunne tilpassast og nyttast i andre delar av landet.

Budsjettformål:

BIONÆR-Bionæringsprogram