Tilbake til søkeresultatene

INT-BILAT-BILAT-ordningen

USA - Bilateralt samarbeid om nedbrytingsmodellar for vegkonstruksjonar under ulike / endra klimavilkår

Tildelt: kr 48 666

Statens vegvesen og NTNU er mellom anna gjennom Nordisk Vegtekniske Forbund (NVF utval 34) med i eit større nordisk prosjekt som også kan bli del av eit europeisk prosjekt for utvikling av ein felles nedbrytingsmodell for vegar. I dette prosjektet har No rge leiaransvaret. Her vil både materialmodellering, klimaeffekter og trafikksimulering vere sentrale deltema. Ved også å nytte data frå MnRoad og kompetanse frå University of Minnesota og MnDOT vil ein styrke dette prosjektet både ressursmessig og kvalit etsmessig. I sum er det eit stort potensiale i å utvikle forskingssamarbeid med Minnesota universitet med inngrep i MnRoad, og det er gode moglegheiter for å utvikle eit konkret prosjekt med finansiering frå alternative kjelder (NFR, EU mm). Det er også a v interesse å nytte ny teknologi for kartlegging av vegoverbygning med georadar / Ground Penetration Radar (GPR). Georadar har mellom anna vore nytta i Eu?s Nordkalottprogram ROADEX der Noreg, Sverige, Finland og Skottland har deltatt. Vi er her til lands for tida i gang med nokre mindre pilotprosjekt for å vurdere potensialet med denne kartleggingsteknikken meir i detalj med tanke på integrering av slike data i den nye norske vegdatabanken (NVDB). Dette er eit svært aktuelt tema av felles interesse for eit forskingssamarbeid med MnRoad og University og Minnesota. Meir sofistikert bruk av falloddata for måling av vegkonstruksjonens bæreevne / kapasitet med omsyn til last er eit anna aktuelt forskingstema innan problemstillinga med dimensjonering og vegko nstruksjoneners levetid.

Budsjettformål:

INT-BILAT-BILAT-ordningen

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet