Tilbake til søkeresultatene

SHP-Strategiske høgskoleprogram

Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn

Tildelt: kr 6,0 mill.

Prosjektet fokuserer på ei etablert førestilling: at det i perioden ca. 1660-1870 fanst ei enkelt kulturell todeling i det norske samfunnet - ein elitekultur (der embetsmannsgruppa dominerte) og ein folkekultur (der bondegruppa dominerte). Prosjektet vårt set spørsmålsteikn ved eit slikt essensialistisk syn, eller vil i det minste nyansere denne todelinga. For det første var både elitesjiktet og bondesjiktet langt meir mangfaldige enn denne tokulturlæra tilseier. Dei var også gjennomskorne av vertikale ba nd (patron-klient-band). For det andre er det vår hypotese at det fanst vesentlege regionale kulturskilnader, og dermed også skilnader i korleis kulturmøta arta seg. Prosjektet vil difor ha eit regionalt fokus. Teoriar og typologiar kring disiplinering, s amfunnsorganisering og, ikkje minst, patron-klientrelasjonar vil vere viktige reiskapar under tilnærminga. Prosjektet vil bli gjennomført som tre integrerte delprosjekt: 1. Embetsmenns og bønders orienteringsverd, eigenoppfatning og kulturelle særtrekk - ein regional komparasjon. 2. Embetsmennene sine sosiale og økonomiske relasjonar i høve til bondesamfunnet. 3. Maktbasis, maktutøving og regionale tilpassingar. Prosjektmedarbeidarar er ei gruppe fast tilsette ved Historisk institutt og Institutt for reli gion, livssyn og kristendom (RLK). I tillegg vil vi ha eit formlisert samarbied med Norsk lokalhistorisk institutt. Forskinga vil likevel i størst omfang skje gjennom to utlyste doktorgradsstipend og eitt post doc.-stipend. Professor Atle Døssland er ansv arleg for det samla prosjektet, medan ansvaret for delprosjekta ligg på andre i gruppa.

Budsjettformål:

SHP-Strategiske høgskoleprogram

Finansieringskilder