Tilbake til søkeresultatene

VRI2-Virkemidler for regional innovasjon 2011-13

VRI-søknad frå Hordaland Felles handling for ein innovativ region

Tildelt: kr 10,0 mill.

Felles handling for ein nyskapande region. Dette inneber å auka verdiskapinga ved å betra samhandlingskompetansen. Visjonen i fylkesplanen vil gjera Hordaland til ein av dei mest innovative regionane i Europa i næringar der fylkeskommunen har særlege før emoner, med vekt på lønsemd, internasjonal konkurransekraft og evne til omstilling. Dette skal VRI-satsinga vere eit middel til. Regionalt næringsforum (RNF) i Hordaland utgjer partnarskapet i fylket og er formell søkjar. RNF har sett ned eit operativt V RI-styre sett saman slik: LO (2), NHO (2), Forsking (2), Innovasjon Noreg og Hordaland fylkeskommune I gjennomføringsperioden vil programmet få eit VRI-sekretariat med, i første omgang, ein koordinator på fulltid. RNF har vedteke å forhandla med CMR, i s amarbeid med HiB, om det formelle ansvaret for sekretariatet. Sekretariatet skal samlokaliserast med andre nyskapingsmiljø i regionen. Operativt vil sekretariatet bli driftast etter ein ?forum-modell på same måten som ekspertsenter NCE Subsea. VRI-satsin ga blir, og vil bli, gjennomført som ei brei satsing med forankring i utøvande nivå. Dette inneber at det i søknadsprosessen har vore halde fleire møte med FoU-miljøa i regionen for å motivera og engasjera desse. Det har også vore ulike prosess-samlingar med brei invitasjon og bransjevise samlingar. Dette vil hald fram i gjennomføringsfasen. Styringsgruppa har vald å prioritera følgjande innsatsområde: 1. Næringar med særlege føremoner: * Energi * Marine næringar, * Maritime næringar, * Reiseli v 2. Næringsretta kompetanse 3. Entreprenørskap 4. Innovasjon og internasjonalisering Dei tre siste innsatsområda er næringsuavhengige og blir definerte som satsingar på tvers. Det blir lagt vinn på å bruke eit breitt samansett utval av verkemiddel i t ett dialog med dei planlagde forskingsprosjekta. Forskingsprosjekta skal stø opp om samhandlingsaktivitetane og bruka desse både til å samle data og til å spreie kunnskap.

Budsjettformål:

VRI2-Virkemidler for regional innovasjon 2011-13