Tilbake til søkeresultatene

FINNUT-Forskning og innovasjon i utdanningssektoren

Meistring av førskulelærarrolla i eit arbeidsfelt med lekmannspreg.

Tildelt: kr 7,3 mill.

Prosjektleder:

Prosjektnummer:

187583

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2008 - 2014

Geografi:

Full barnehagedekning er ikkje berre eit spørsmål om å tilby barnehageplass til alle som ønskjer det. Det handlar også om å sikre barnehagane tilgang på motivert og kvalifisert personell. Førskulelærarane er sentrale i denne samanhengen, men det er også a ssistentane, som er i fleirtal blant dei tilsette i barnehagane. Tilbodet barna får i barnehagen er ikkje berre prega av korleis dei tilsette oppfattar føremålet med barnehagen. Tilbodet er også prega av den kompetansen personalet rår over. Hovudmålet med prosjektet er å få innsikt i korleis førskulelærarane forstår og meistrar rolla si. Dei overordna problemstillingane er følgjande: - Korleis forstår og meistrar førskulelærarane yrket? Dette vil vi dels studere i lys av grunnutdanninga og kvalifiserin ga til yrket, og dels i lys av arbeidsdelinga med assistentane. - Kva innhald og arbeidsmåtar finn vi i barnehagen? Utgangspunktet for prosjektet er at kvalifisering til førskulelæraryrket skjer både gjennom livserfaring, gjennom førskulelærarutdanning a og gjennom arbeidet i barnehagen. For at førskulelærarane skal meistre yrket sitt, er det avgjerande at det er samanheng mellom utdanninga og dei utfordringane førskulelærarane møter i kvardagen. Vi spør om høgskulane utdannar til kvardagen i barnehagen . Vi spør også om arbeidet i barnehagen samsvarar med dei ideala ein finn i statlege styringsdokument. Studien vil gjere bruk av ei surveygransking av lærarar i grunnskulen (LuData) og eit longitudinelt spørjeskjemabasert datamateriale der studentar vert følgde frå studiestart og til dei er godt etablerte i yrkesfeltet (StudData). Vi vil gjennom ei landsomfattande spørjeskjemagransking av førskulelærarar i barnehagen utvikle FluData. I tillegg til det kvantitative datamaterialet vil vi supplere med kvalit ative data, dels henta frå observasjon i eit utval barnehagar, dels frå intervju med eit utval førskulelærarar.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FINNUT-Forskning og innovasjon i utdanningssektoren

Finansieringskilder