Tilbake til søkeresultatene

KULVER-Kulturell verdsetting

Kunstnarisk verdiskaping: Eit forskingsprosjekt om søppel og readymades, kunst og keramikk

Tildelt: kr 6,5 mill.

Prosjektnummer:

188073

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2008 - 2012

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

"Kunstnarisk verdiskaping" er eit forskingsprosjekt på litt meir enn tre og eit halvt år (1.5.2008 til 31.12.2011) ved Kunsthøgskulen i Bergen med fokus på utviklinga innanfor keramikk dei seinaste 20 åra, der bruken av søppel og readymades har blitt stad ig meir alminneleg som ledd i større kunstnariske verk eller installasjonar. Med dette ønskjer prosjektet å fanga inn korleis kulturelle verdiar blir skapt, bevart og forstått. Prosjektet blir leia av professor, dr.philos. Jorunn Veiteberg. Prosjektet sit t hovudemne blir sett i fire perspektiv, tilsvarande dei fire delprosjekta: 1) eit kunsthistorisk (ved Jorunn Veiteberg) med utgangspunkt i ei beskriving av bruken av readymades i kunsten gjennom det 20. hundreåret og hovudvekt på utviklinga i keramikken dei seinaste 20 åra, under dette både bruken av readymades og nedbrytinga av grensa mellom industrikeramikk og kunstnarisk keramikk, 2) eit museumsfagleg (ved Anne Britt Ylvisåker) som reiser spørsmålet om korleis søppelkunst og samansette installasjonar vil kunne inngå i musea sine samlingar, og som særleg drøftar moglegheita av å skapa virtuelle samlingar for desse formene for kunst, 3) eit kunstfilosofisk (ved Søren Kjørup) som drøftar problemstillinga "the end of art" opp mot utviklinga i samtidskuns ten, og særleg stiller spørsmålet om søppelkunst og liknande bryt med tanken om kunsten som institusjon, eller snarare bekreftar den, om enn i ei anna form enn opphavleg tenkt, 4) eit kunstfagleg (ved ein endå ikkje tilsett stipendiat) som i kunstnarisk f orm skal arbeide med dei kreative moglegheitene innan samtidskeramikk. Prosjektet utfolder seg gjennom regelmessige interne seminar og årlege internasjonale konferansar der prosjektet sitt breie internasjonale kontaktnett vil bidra. Resultata blir publis ert i internasjonale tidsskrift og i bokform og blir formidla gjennom utstillingar og ved foredrag, kronikkar og liknande utoverretta aktivitetar.

Budsjettformål:

KULVER-Kulturell verdsetting