Tilbake til søkeresultatene

VRI-Virkemidler for regional innovasjon

Høyr og sjå! Audiovisuell språkstimulering i barnehagen

Tildelt: kr 1,00 mill.

Prosjektet vil undersøkje korleis tekstar og formidlinga av desse kan vere med på å gi impulsar til aktivitetar og opplevingar for barn i barnehage og tidleg skulealder. Ei forskargruppe vil med utgangspunkt i nye nynorsktekstar for barn prøve ut ulike me todiske tilnærmingar til stoffet. Eit sentralt element er effekten av sansestimulering i samband med heilskapleg læring. Gjennom ulike praktisk-estetiske opplegg ønskjer forskargruppa å få nærare kjennskap til korleis barn oppfattar og forstår tekstar, og korleis ein ved hjelp av audiovisuelle hjelpemiddel betre kan stimulere glede og interesse for skrivne tekstar og å stimulere til språkutvikling. På sikt er det eit mål at dei ulike programma som vert skapt kan distribuerast til ulike fjernsynsstasjona r og brukast i barne-tv. Prosjektet kan også bli starten på eit nasjonalt Barne-TV/WEB-tilbod på nynorsk/dialekt.

Budsjettformål:

VRI-Virkemidler for regional innovasjon