Tilbake til søkeresultatene

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam

Legal frameworks for Biodiversity Conservation and Ecosystem Services in the Himalayas (HimaLines)

Tildelt: kr 6,5 mill.

Himalines var eit fleirvitskapleg prosjekt som omfattar rettsvitskap, biologi og sosialantropologi. Målsetjinga var å undersøkja i kva grad ulike rettslege ordningar påverkar utviklinga i biodiversitet og økosystem, særleg i skogsområde, sett i samanheng med kulturelle og andre faktorar som påverkar bruken av skog og økosystemtenester i skog. Gjennom å sjå på kva effekt ulike rettslege ordningar og styringssystem har for utviklinga av skogen sin tilstand og for folks bruk og utnytting av skogen tek ein sikte på å kunne seia noko om kva for rettslege ordningar som synest å vera best eigna til å oppnå ulike mål i land med ein annan kultur enn den vestlege. Det blir lagt vekt på kva insentiv eller kompensasjon styresmaktene etablerer for å få lokale brukarar av skogen til å bidra til økosystemtenester av interesse for det nasjonale og det globale samfunnet. Prosjektet har blitt utført i samarbeid mellom forskarar frå Universitetet i Bergen (jus, biologi og geografi/sosialantropologi) og Tribhuvan University i Kathmandu. Ein har også hatt samarbeid med forskarar ved Royal Botanical Gardens, Edinburgh og Oxford University. Det er gjennomført feltstudiar med datainnsamling om skogen sin tilstand med sikte på biodiversitet, karbonlagring og økosystemtjenesteyting i seks område både innanfor (tre lokalitetar) og utanfor (tre lokalitetar) verneområde (nasjonalparkar) i Annapurnaområdet, Langtangområdet, og i Kathmandudalen. Parallelt med dette har det blitt gjennomført intervju med folk i nærliggjande landsbyar om styring og disposisjonsrett over skogsområda og om korleis dei nyttiggjer seg skogen og eventuelle konfliktar i forhold til uttak av skogsressursar. Det er og gjort spørjeundersøkjingar, dels i dei same områda der har ein også kartlagt korleis dei lokale innbyggjarane ser på internasjonale program for vern av skog som REDD+, og korleis dette påverkar deira bruk av skogen. Resultata frå den biologiske kartlegginga blir samanhaldne med den rettslege reguleringa og resultat frå intervju-undersøkingar med brukarar av skogen i dei same områda. Ein har særleg lagt vekt på å sjå på verknaden av den desentraliseringa av styringa av skogen som har skjedd gjennom innføring av lokale brukargrupper (forestry user groups) som disponerer skogen rundt landsbyane, og fredingstiltak som er gjennomført for å oppnå nasjonale og internasjonale mål for bevaring av biodiversitet og økosystemtenester som karbonlagring. Målet er å analysera kva samspelet mellom rettsreglar og kulturelle og økonomiske faktorar har å seia for bruken av områda og dermed biodiversitetsutviklinga i skogsområda. I denne analysen nyttar ein rettsleg og rettsøkonomisk metode, herunder teori om institusjonsutvikling. Prosjektet viser at biodiversiteten generelt var rikare innanfor verneområde enn utanfor, men ikkje gjennomgåande. I nokre område var det omvendt. Den viktigaste faktoren for både biodiversitet og karbonlagring var avstanden til næraste bygd; dess nærare, dess mindre biodiversitet eller karbonlager. Det er altså ikkje vern i og for seg som er det viktigaste, men bruken «på bakken». I vidare forvalting av dei biologiske ressursane som skogen i Himalaya utgjer, er det viktig at folk som bur i desse områda har tilgang på alternative energiformer og ikkje overhaustar skogen. Det er også viktig å utvikla institusjonelle ordningar for å kanalisera noko av vinsten ved dei økosystemtenestene skogen gjev, attende til dei lokale brukarane.

Maintenance of biodiversity and other ecosystems services essential for human well-being requires an effective legal framework to prevent over-exploitation and give incentive for protection of biodiversity. There is uncertainty about what types of legal f ramework are most effective in different ecological, economic and cultural settings. HimaLines will test is that legal frameworks and property structure are influencing ecosystem services, including biodiversity, and that differences in legal frameworks w ill affect services and benefits. Protection (national parks or conservation areas) has been efficient in limiting land-use and ecosystem service degradation, but biodiversity can also be protected by regulation of land-use and establishment of incentives for maintaining biodiversity in non-protected areas. These effects can be quantified and assessed. Specifically, in the Himalayas, we will test: Prediction 1: Differences in legal frameworks between National Parks, Conservation Areas, Buffer Zones and t he surrounding matrix landscape is reflected in the local land-use practices. Prediction 2: Given that deforestation, land-use change and property rights are so closely linked, the potential of forest utilization in providing timber, fuelwood, fodder and medicinal/edible plants while restoring degraded land is feasible. Prediction 3: Tree population structure and dynamics are affected by land-use and tree regeneration will differ between protected and unprotected areas. Prediction 4: Wild edible, medicina l and aromatic plants are highly valued in Nepal. Differences in legal frameworks between protected and non-protected areas will affect harvesting regimes and hence population dynamics of these species (ecosystem benefits) differently.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam