Tilbake til søkeresultatene

BIONÆR-Bionæringsprogram

Back to the future? Policy responses to increasing food prices and climate change in the new millennium, dr.gr.stip og utenl.stip.

Tildelt: kr 8,1 mill.

Prosjektet ?Tilbake til framtida? Landbrukspolitisk respons til stigande matprisar og klimakrise» tok sikte på å utvikle omgrep og kunnskap som trengst for å reformere landbrukets institusjonar og verkemiddel: Kva no med den norske landbruksmodellen? Kan ein oppnå den planlagde produksjonsveksten med dagens modell, eller må dagens modell endrast på ein grunnleggjande måte for å vere berekraftig? Ein hovudobservasjon frå prosjektet er at det globale landbruket går inn i "nye tider" som konsekvens av ein se rie økologiske, økonomiske, sosiale og politiske endringar. Ein serie med sjokk er i ferd med å påverke det globale mat-systemet. Dei viktige føresetnadene som har understøtta internasjonal politikk og handelssamband, har forstyrra det stabile kompromisse t mellom dei nyliberale, handelsorienterte landa og europeiske land som saman med land som Sør-Korea, Taiwan og Japan er meir multifunksjonelt orienterte. I møte med global matvareuvisse, klimaendringar, finanskrise og andre potensielle sjokk, vil dei uli ke landbrukspolitiske regima no bli utfordra og dei må revurderast med sikte på berekraft og tilpassingsdugleik. Fokuset i prosjektet har derfor bevisst vore retta mot eit bestemt sett av problemstillingar som gjeld for kva framtidige retningar og strateg iar den utvikla verdas landbruk bør slå inn på. I starten av prosjektet, valde vi å studerer landbrukets "politiske regime" snarare enn den spesifikke landbrukspolitikken i seg sjølv. Vårt resonnement er at regima er utforma av praksis, industrielle ordni ngar, globale handelsvegar, teknologisk utvikling og agro-økologiske samanhengar i bestemte land og regionar. Tiltak mot klimaendringane har allereie begynt å påverke dei landbrukspolitiske tilpassingane i dei landa vi har studert i prosjektet. Gjennom ca sestudiar har vi hatt sjansen til å avgrense og analysere den måten store endringar vil påverke politiske landbruksregime på. I den innleiande vurderinga vår av potensielle sjokk mot landbruket, identifiserte vi i fremste rekkje økologiske og biofysiske s jokk. I ettertid kan vi sjå at elastisiteten og tilpassingsdugleiken til dei ulike landbrukspolitiske regima er vel så viktige faktorar. Her tenkjer vi i fyrste rekkje på interne politiske og institusjonelle sjokk som kan oppstå ved ei nyliberal dereguler ing, eller ved at det blir gjennomført viktige endringar i dei økonomiske og budsjettmessige ordningane. Studiane i prosjektet Agripol er henta frå Noreg, Tyskland, Danmark, Skottland, Canada og New Zealand. Desse case-studia viser at produktivismen ikkje er ein direkte konsekvens av den førte landbrukspolitikken. Snarare er den eit komplekst resultat og sterkt påverka av lokale landbrukskulturar og -praksisar. Denne tilnærminga til landbruk kan kallast multimalisering innanfor eit optimalisert, berekraft ig landbruk. Ei slik multimaliserande tilnærming kan hjelpe til å byggje framtidige fleksible og robuste løysingar for globalt landbruk. Ein kontekstuelt tilpassa, stadsbasert, og romleg landbruksmodell vere meir robust enn tidlegare eller noverande produ ktivismar. Mat som er frå ein stad, "Food from somewhere», kombinert med eit rikt kulturlandskap og sterke bygder, appellerer allereie til betalingsvillige forbrukarar og sentrale grupper av bønder. Berekraftige landbruksregime må ha dei kapasitetane som krevst for å balansere behova for meir mat og biodrivstoff med behovet for lokal rekruttering og produksjon tilpassa kvart økosystem. Prosjektet har tatt for seg debatten om landbrukspolitikken dei siste tiåra i lys av klima- og matvarekrisa. Prosjektet h ar vurdert korleis dei nye risikoutfordringane kan verke inn på bestemte landbrukspolitiske regime, samt kva ein kan lære av sentrale politiske eksperiment i dei landa som har vore med. Ein sentral konklusjon i prosjektet basert på casestudiane er at ei m aksimalisering av økonomisk utbytte ikkje gir eit berekraftig landbruk som er robust imot økologiske, økonomiske eller klima sjokk. Derimot vil eit allsidig landbruk med vekt på mange funksjonar, ei multimalisering , ha større økologisk, økonomisk og sosi al berekraft. Det er fleire grunnar til at dette politikkområdet no blir opna for ein breiare debatt. For det første har den internasjonalen matvarekrisa etter 2008 signalisert at epoken med billig mat er slutt. Dernest har framvoksteren av klimaendringan e skapt ny risiko, reist nye politiske bekymringar og ført til omprioritering av sentrale mål for landbrukspolitikken. Hovudkonklusjonen i prosjektet er at eit allsidig landbruk med vekt på mange funksjonar har større samla økologisk, økonomisk og sosial berekraft enn ei maksimalisering av økonomisk eller økologisk utbytte åleine. Vi har innført uttrykket multimalisering for å illustrere at ein må sjå på eit balansert sett av variablar på ei rekkje økonomiske, sosiale og økologiske målområde for å måle ko r godt rusta eit landbrukssystem er for å møte dei sjokk og kriser som kan ramme matproduksjonen i landet vårt og i verda som heilhet.

The main objective for agriculture in the industrialised countries after World War II was to produce enough cheap food for an increasing urban population. During the 1970s and 1980s, this productivist agriculture came to a halt, because of overproduction, increasing subsidies and environmental degradation. A new post-productivist regime was partly developed, changing focus from production of food to production of collective goods. Due to increased food prices and global climate change, a neo-productivist regime seems now to emerge, which may endanger the gains from the previous post-productivist agricultural policy regime and may undermine long-term sustainability. This research project will address the new situation and the policy responses in relevant countries. It will develop knowledge and understanding of international strategies within selected modern countries with different policy regimes of high relevance for Norway. This competence base is needed to reform institutions and policy instruments re lated to Norwegian agricultural and rural policies. Thus the project addresses the AREALTRE programmes' defined second theme 'Economic policies and management'. The project will address the task to develop new and sustainable agricultural policies which b oth are relevant to climate change and increasing food prices, as well as the defined objectives of maintaining viable rural communities, preserve cultural landscapes and biodiversity. The analytical and methodological starting point is the sustainability of current and changed policies in terms of economy, ecology/environment and agricultural/rural welfare. Thus the results of the project may in a longer term perspective also have consequences for AREALTRE's defined first theme/area of Area resources, in novation and business development.

Budsjettformål:

BIONÆR-Bionæringsprogram