Tilbake til søkeresultatene

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam

Localizing Global dynamics through Labour: Class as a new regime of value in Bali, Indonesia.

Tildelt: kr 2,7 mill.

Prosjektet sin målsetnad er å undersøke forholdet mellom rask økonomiske vekst og framveksten av sosial lagdeling (klasse) på Bali, Indonesia. Hovudfokus er på dynamikkar involvert i nye arbeidsmoglegheiter/typar av arbeid og korleis prosessar av inkludering og ekskludering på den nye arbeidsmarknaden bidreg til å skape nye sosiale ulikskapar blant Hindu befolkinga på Bali. I 2010 vart feltarbeid utført i ein fiskarlandsby på Bali. For å forstå endringane i det Balinesiske samfunn må ein sjå på samspelet mellom kjønn, kaste og klasse i høve korleis folk er posisjonert på arbeidsmarknaden. Det er også viktig å sjå på kva typar av ressursar som no gjer seg gjeldande som viktig kapital i den nye økonomien. Eg har funne at eigarskap av land, ny bruksgjering av land og sal av land til (utanlandske) investorar har vist seg å vere veldig viktig for Balineserane si deltaking i den nye arbeidsmarknaden. Land, som historisk har vore kollektivt eigd av landsbyane eller privat eigd av store høg kaste landeigarar, er tradisjonelt arva (tilgang til) gjennom mannslina - soleis har land, og dagens sal av land, eit kjønna aspekt som gjev menn større rørslemoglegheit i den nye økonomien enn kvinner der attraktivt land vert seld for skyhøge prisar. Men, kvinner kan bruke sin mann/far/bror sin eigedom for å skape seg arbeid; dei lagar bustadar for arbeidsmigrantar, kioskar og sel mat. Det at mange Balineserar sel landet sitt har no byrja å bli ei bekymring på politisk nivå på Bali; kva skjer når Balineserane ikkje lenger eig si eiga øy? Kva skal dei jobbe med når dei har selt jordbrukslandet sitt og ikkje får seg jobb i den nye økonomien? Framveksten av den uformelle sektoren av økonomien har også vore enorm på Bali dei siste ti åra. I følgje tal frå ILO jobbar det no dobbelt så mange folk i den uformelle som den formelle sektoren av økonomien i Indonesia, og på Bali jobbar over femti prosent av arbeiderane i denne sektoren. Denne sektoren er prega av ufaglært arbeidskraft og kvinner er i fleirtal her. Kvinner har ofte ei 'fleksibel' tilpassing til arbeidsmarknaden til dømes gjennom, sesongarbeid, timearbeid, deltid, piece rate, og så vidare. Desse arbeidarane er ikkje organiserte i fagforeiningar og ofte ser ein at dei er lavt lønna og har dårlege rettigheitar i høve helse, tryggleik, arbeidsvilkår, forsikringar og løn. Lav løn til kvinner kan i større grad bli rettferdiggjort gjennom den dominerande ideen om at det ikkje er kvinner som skal brødfø familien, men deira husbond, mannen. Kvinner er også ofte dobbeltarbeidande både i heimen og i lønna arbeid, og på Bali har kvinner eit tredje arbeidsskift ved kollektivt og rituelt arbeid. Dei siste åra har det auka på med arbeidsmigrantar til denne lille øya og ein reknar med at dei utgjer til saman omlag 10 prosent av den totale befolkninga på ca 4 millionar menneske. Årleg kjem det omlag 2,5 mill. turistar til øya. På bakgrunn av dette har det vakse fram ei kjensle på Bali ofte uttrykt gjennom omgrepet 'Ajeg Bali'; balineserane kjenner seg marginaliserte på si eiga øy, som om dei vert truga utanfrå ? dei ynskjer å ta øya si og kulturen sin tilbake. Samstundes fører den enorme veksten i masse-turismen til mange nye moglegheiter for Balineserane - ikkje minst moglegheiter til å klatre på den sosiale stigen og forbetre sin sosiale posisjon i samfunnet sjølv om ein er frå den lavaste kasten (sudra). Moderne konsum i kombinasjon med nye typar av arbeid har ført til at lavkaste fiskarar kan delta i rituelt liv på nivå med dei høgare kastane. Kaste og klasse vert soleis to konkurrerande, og somme tider overlappande, sosiale strukturar på Bali som organiserar det sosiale livet. På den andre sida ser ein at arbeidsmigrantane som kjem til øya (og som ikkje eig land her) og dei av lokalbefolkinga som ikkje eig eller har tilgang til land ikkje har dei same moglegheitene for å gjere det like godt i denne 'new world of work'. Her vert det større forskjellar mellom folk, forskjellar som kan trekkjast direkte til desse nye typane av arbeid. Mitt siste rapporteringsår av prosjektet har vore brukt til å fokusere på klasse, ?dispossession? og land på Bali og eg har skrive tre artiklar som er sendt til internasjonale tidsskrifter for fagfellevurdering. Eg har skrive ein utvida bokomtale som er publisert i Social Analysis samt at eg har delteke på fire konferansar (to nasjonale og to internasjonale). Eg har rettleia fire masterstudentar gjennom skriving av masteroppgåve samt delteke på seminar og lesegrupper ved Instituttet.

This post.doc project aims to investigate the relationship between corporate-led economic growth and the emergence of class in Indonesia and beyond. The main interest is in the dynamics involved in new employment opportunities and how the processes of inc lusion or exclusion in the new labour market produce new social differences among a predominantly Hindu population in Bali. Despite the millions of jobs created globally through economic growth since the 1990's we also find a dramatic indrease in income i nequalities in many poor countries (ILO 2008). What are the dynamics of the globalized new world of work which produce inclusion or marginalization in employment and labourmarket? How are these procesess articulated in the particular locality of two fishe r villages in Bali, Indonesia? How does class, caste and gender intersect in the structuring of agents positionality in the larger social space of diffferences (cf. Bourdieu 1991), and what are the symbolocal struggles within the field of labour and emplo yment? How, and in what ways, do the revitalization of Hindu culture represent a counterdrive to tthe forces of globalization, migration and mass-tourism? These are central questions to be explored in this project.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam