Tilbake til søkeresultatene

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam

Språkutvikling på industristader. Ei longitudinell sosiolingvistisk gransking av talemåla i Årdal, Odda, Tyssedal og Sauda siste hundre åra

Tildelt: kr 8,1 mill.

I 2018-19 har det vore arbeidd med den statistiske analysen av materialet frå Odda og Tyssedal.

Målet for prosjektet er å kartlegge og forstå talemålsutviklinga dei siste hundre åra på fire industristader for på den måten å vinne innsikt i sosiale og språklege faktorar som gjeld i språkendringsprosessar. Årdal, Odda, Tyssedal og Sauda er alle indu stristader som voks fram i løpet av 1900-talet, og dei hadde ein svært rask auke i folketalet. Tilflyttinga kom frå heile landet og frå utlandet, og i løpet av kort tid vart det bygd opp heilt nye samfunn på desse stadene. I etableringsfasen var stadene b åde sosiale og språklege smeltegryter, og lokale språklege førebilete mangla i større eller mindre grad fordi dei som budde i området frå før, var for få i forhold til innflyttarane til å kunne "nøytralisere" dei språkleg. Språksituasjonen i slike nye ind ustristader representerer ein unik laboratoriesituasjon med tanke på å undersøkje faktorar som verkar inn på språkendringar. Vi ønskjer å kartlegge dialektane til dei ulike generasjonane i desse bygdene medan den generasjonen som etterfølgde innflyttarane , framleis er i live; slik vil vi oppnå større innsikt i det vi kallar koineisering, eit særtilfelle av dialektkontakt der nye dialektar oppstår som følgje av kontakt mellom språkbrukarar med gjensidig forståelege dialektar. Prosjektet er todelt: I ein s ynkron studie vil vi gjennom nyinnsamling av talemålsdata frå tre nolevande generasjonar språkbrukarar studere språksituasjonen og mønster i språkvariasjonen på dei fire industristadene i dag. Ved hjelp av eldre talemålsdata og talemålsskildringar vil v i òg beskrive språkendringane diakront og freiste forstå språklege utviklingsliner frå tida etter industrietableringa og fram til i dag. Prosjektet søkjer om to doktorgradsstipend. Den eine stipendiaten skal arbeide med Odda og Tyssedal i eit nærkompara tivt perspektiv, den andre med Årdal og Sauda i eit fjernkomparativt perspektiv. Stipendiatane skal ha samordna problemstillingar og metode for å gjere jamføringa påliteleg.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam

Finansieringskilder