Tilbake til søkeresultatene

PROREAL-Profileringsprogrammet for realfagene

Film om sildas vandringar og økologiske rolle langs norskekysten.

Tildelt: kr 0,50 mill.

Silda er tilbake. Og det i ufattelige mengder. Berre egga tilsvarer 3 gongar vekta av det norske folk. I februar kvart år blir havslettene utanfor Møre dekt av meter tjukt kvitt teppe av egg. Og alt dette byrjar å klekke? I ein vakker og spektakulær nat urdokumentar ønskjer vi å gi innsikt og begeistring for sildas vandringar og økologiske rolle som livsgrunnlag for fisk, fugl og pattedyr langs kysten vår. Vi skal sjå korleis alt heng saman i eit av dei rikaste økosystema i verda. Vi skal dykke ned i h avforskingsinstituttets mange år med forsking på dette økosystemet og dei resultata dette arbeidet har gitt. Og vi skal sjå kor viktig dette arbeidet har vore for sildas tilbakekomst og for ei framtidig bærekraftig forvaltning av økosystemet i norskehavet og langs norskekysten. Ikkje minst skal vi følgje forskarar ved Runde Miljøsenter. Ved hjelp av ein nyutvikla miniubåt (ROV) skal dei ned på havbotn og kartleggje sildeegga. Det skal vere fleire meter tjukt seiast det, og kva er det slags skapningar som livnære seg av desse egga? Prosjektet er eit samarbeid med Havforskingsinstituttet og Runde Miljøsenter. Formidlingskanalane er norsk riksdekkande TV (NRK) og opplevingssentrar/informasjonssentrar langs kysten.

Budsjettformål:

PROREAL-Profileringsprogrammet for realfagene

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet