Tilbake til søkeresultatene

BIONÆR-Bionæringsprogram

HESTEFORSK God og lagringsstabil ensilasje til hest for auka verdiskaping og betre helse

Tildelt: kr 2,5 mill.

Prosjektnummer:

202978

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2010 - 2013

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Samarbeidsland:

Ensilert grovfôr har fått aukande innpass i fôrrasjonen til hest. Fôret blir i all hovudsak pressa og innplasta i ballar, ein teknikk som er utvikla for mjølkesyrekonservering av tidleg hausta, vassrikt plantemateriale til drøvtyggjarar. Hestefôret blir o ftast hausta seinare og konservert etter sterk fortørking (høysilasje). I mange område er det ei utfordring å få fortørka plantematerialet raskt og lenge nok til å oppnå det ønska høge tørrstoffinnhaldet. Seint hausta og svært tørt plantemateriale gir til dels store utfordringar når det gjeld pakking og tetting av ballane. Det er såleis indikasjonar på at framvekst av mugg er eit større problem i høysilasje enn i tradisjonelt surfôr. Mugg kan påverke hestane si helse og prestasjon svært negativt. Det er s åleis behov for meir kunnskap og kunnskapsformidling, både om produksjon og bruk av innplasta fôr til hest. Meir kunnskap om verdikjedene og handlingsmønster hos aktørane er dessutan nødvendig for økonomisk utvikling/auka verdiskaping og eit fruktbart mil jø for entreprenørskap. Eitt av måla for prosjektet er å kartlegge verdikjeder og handlingsmønster for produksjon og bruk av grovfôr, samt fôringsrelaterte sjukdomar hos norske hestar. Kartlegginga skal skje gjennom spørreundersøkingar blant fôrprodusenta r og personar med dagleg ansvar for hest. Ulike hestemiljø og geografiske område skal være breidt representert. Vidare skal det gjennom dyrkings- og konserveringsforsøk i Norge og Sverige undersøkjast om fortørkingsfart, pakke- og konserveringseigenskapar kan påverkast gjennom artssamanstjing og gjødsling av enga, og om konserveringsmiddel utvikla for andre typar tørt plantemateriale kan nyttast for å motverke muggdanning i høysilasje. Det skal også undersøkjast om det er muleg å oppnå god lagringsstabili tet ved ompakking av høysilasje frå store til mindre pakningar. Prosjektet er eit samarbeid mellom Bioforsk, Norsk Senter for Bygdeforskning, Norges Veterinærhøgskole, Adccon Nordic og Sveriges Lantbruksuniversitet.

Budsjettformål:

BIONÆR-Bionæringsprogram