Tilbake til søkeresultatene

FRIMEDBIO-Fri prosj.st. med.,helse,biol

Collective behaviour of penned herring: Observing the collective behaviour and investigating the effect of various sound stimuli

Tildelt: kr 8,9 mill.

Målet med prosjektet er å forstå samspelet mellom direkte stimuli og informasjonsoverføring mellom individ i ein fiskestim, og å forstå korleis dette påverkar den kollektive åtferda, med særlig vekt på støyindusert åtferd. I 2012 vidareutvikla vi ein metode for å observere fiskeåtferd frå multistråle sonarar, og det resulterte i en artikkel i Current Biology. Artikkelen fekk god dekning, med ein kommentar skrive av Graeme Ruxton og referert til i ein oversikt av Michael Gross. Vi har og skrive ein nyhendeartikkel på våre nettsider, i tillegg til dekning gjennom Princeton University nettsider. I 2013-2014 vidareutvikla vi desse teknikkane. Vi er no i stand til å trekkja ut åtferdskarakteristikkar av stimfisk i merdar, slik at vi kan studere korleis støy og andre stressfaktorar påverkar stimstrukturen. Denne tilnærminga har danna grunnlaget for prosjektsøknader med sikte på å vurdera effekten av ulike stressfaktorar på stimfisk. Vi har og utvikla instrumentplattforma vidare slik at det kan brukast ute på havet. Støyforplantningsmodellering er utført av NTNU-teamet, og vi har brukt deira hydrofonsystem i merdeksperimenta. Vi har publisert ein artikkel om korleis støyforplantingsmodellar kan brukast til å tolka påverknaden seismikk har på fisk, og vi har fleire konferansebidrag på lågfrekvente lydforplantingsmodellar. Merdeksperimenta, inkludert testing av forskjellige lydkjelder, vart gjennomført sommaren 2012 i Austevoll. Vi testa den kollektive åtferdsreaksjonen på sild på ulike stimuli, inkludert avspeling av lyd frå spekkhoggarar, fartøystøy og ulike syntetiserte lydar. TV-kanalen ARTE besøkte oss for å ein dokumentar om støy under vatn, og filma og gjorde intervju i løpet av eksperimenta. Forsøka har så langt resultert i 4 publiserte artiklar. Våren 2013 reiste ein av medlemmane i prosjektet til USA og arbeidde med kollegaer ved Princeton University og Florida International University. Prosjektleiaren reiste over for delar av opphaldet. Dette resulterte i eit styrka samarbeid med dei internasjonale partnarane. I Florida vi gjorde feltarbeid på fordelingsmønster av fisk og kollektiv åtferd, noko som resulterte i to manuskript. Sommaren 2013 vart det andre merdeksperimentet gjennomført. Data frå dette eksperimentet er analysert og vi viser korleis ulike stressnivå i fisken endrar styrken på den kollektive responsen til sild. Kombinert med artiklane på tettleiksavhengige effektar av kollektiv åtferd, viser dette at responsen i tradisjonelle stimulus-respons-eksperiment er påverka av tettleik og stressnivå. Metoden vart of nytta til å studera korleis lyd frå spekkhoggarar påverkar stimstrukturen i sild. Vi var med på eit forsøk på havet der vi forsøkte å knyta observert respons i merdane til oppførselen til stimar ute på havet. Vi stimulerte sild hjelp av å skyta gjenstandar inn i stimen og samtidig observera åtferda ved hjelp av multistråle sonar. For å hjelpa oss å tolka resultata utvikla vi ein modell for å simulera akustisk tilbakespreiing som ein funksjon av fiskens åtferd. Dette arbeidet er publisert, og dannar grunnlaget for å kopla resultata frå haveksperimenta med merdeksperimenta. Dette arbeidet blir utvida til ein metode som kan spore åtferdsresponsar som går som bølgjer gjennom store stimar. Ved hjelp av 4D sonarar, kan vi no testa resultata frå merdeksperimenta med eksperimenta ute på havet.

Collective behaviour is an intriguing pattern-forming process in nature, and how individual rules scale to collective phenomena are still being learned. An area of particular interest is to understand how information is transferred in animals groups, and how stimuli is amplified or dampened through social interactions. The project will perform lab experiments on schooling fish responses to external stimuli, and investigate the role of the social interactions. The fish will be observed using video cameras , and techniques to extract the behavioural information will be further developed. An important aspect of the proposal is to establish a link between the highly controlled laboratory observations to in situ experiments. The results from the laboratory w ill be used to form rigorous hypotheses on the collective behavioural rules in herring, a key species both economically and ecologically. These will be tested on herring in a net pen setup. We will use both video cameras and acoustic cameras to observe th e behaviour, and the methods developed from the laboratory experiments will be refined to fit the herring net-pen system. We are particularly interested in sound stimulated collective behaviour, since anthropogenic noise pollution is an increasing concer n worldwide. To achieve this a range of different sound sources will be used, and the different noise fields will be modelled and verified before being exposed to the fish. The role of near field effects and range effects will be investigated, and the res ults will be related to in situ sound exposure experiments, in particular where sound pressure levels has failed to explain the behaviour. Finally, the expected acoustic image on a 4D scientific multi-beam sonar will be predicted from simulated schools. These predictions will be based on the experimentally derived rules, and the result will be used to evaluate the feasibility to use sonars to observe internal school dynamics in the open ocean.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FRIMEDBIO-Fri prosj.st. med.,helse,biol

Finansieringskilder