Tilbake til søkeresultatene

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam

Theory in Practice: Risks and Responses in the Modern Criminal Law

Tildelt: kr 5,8 mill.

Prosjektnummer:

204246

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2011 - 2016

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Samarbeidsland:

Forskingsprosjektet har omhandla den samtidige utviklinga av eit auka fokus på risiko i samfunnet, og strafferettsleg regulering av det. Eit overordna mål med prosjektet har vore å bidra med teoretiske og tverrvitskaplege perspektiv på denne tematikken, som utfordrar tradisjonelle utgangspunkt for strafferetten. Prosjektet har hatt to delprosjekt. 1: Tina Søreide (postdoktor mellom 01/05-12 og 01/05-15): The Economics of Crime and Criminal Sanctions og 2: Eva M. V. Møller (Phd-stipendiat frå 01-/08-12): Criminalization of Dangerous Acts; Reconstructing the Concepts of Risk and Danger for Norwegian Criminal Law. Prosjekt 1 har omhandla relevansen av rettsøkonomiske tankemodellar for styring av rettslege sanksjonsval, i første rekkje i forhold til bruk av straff som sanksjon. Prosjektet har særleg hatt økonomisk kriminalitet som studieobjekt, og har særleg hatt fokus på korrupsjon. Eit sentralt tema for dette delprosjektet har vore å gje analysar og struktur av effektivitetsargumentasjon i avgjerder om bruk særleg av strafferettslege sanksjonar. Prosjektet har bidrege til betre forståing av strafferettslege handtering av slike utfordringar, inkludert korleis dei skal møtast med sanksjonar. Prosjektet har vore tverrvitskapleg orientert, og har gjort bruk av både juridiske og økonomiske perspektiv. Samankopling av desse perspektiva har vore eit hovudmål for den fyrste delen av prosjektet. Søreide har produsert fleire publikasjonar. Prosjektet munna særleg ut i arbeidet Corruption and Criminal Justice - Bridging Economic and Legal Perspectives ((Edward Elgar, 2016). I tillegg generete prosjektet stor aktivitet. Mellom anna vart det ein workshop ved fakultetet med fleire framståande namn innan strafferettsøkonomien arrangert i oktober 2013. I august 2014 vart det heldt eit seminar om korrupsjon med deltakarar frå både vitskap og praksis. Søreide har hatt eit aktivt samarbeid med forskarar både i økonomi og i jus, både i Noreg og internasjonalt, og har på det settet bidrege til ei betra kunnskapsutveksling disiplinane seg i mellom. Prosjekt 2 har omhandla den strafferettslege reguleringa av risiko og fare. Strafferetten vert i stadig større grad kopla til faretenking og kriminalisering av fareframkalling. Møller har studert denne utviklinga ut frå både juridiske og tverrvitskaplege perspektiv, og her mellom anna trekt inn særleg med tanke på kva prinsipp som bør styre den samtidige utviklinga i retning av ei større strafferettsleg regulering av risiko. Dette prosjektet har enno ikkje resultert i publikasjonar, men har vore presentert i fleire fora, mellom anna i København, i Beijing og på Nordisk workshop i strafferett. Møller vitja hausten 2013 det framståande forskingsmiljøet ved The University of Minnesota Law School, og er venta å levere si phd-avhandling i 2017.

Among the most important current societal changes are the internationalisation of society and the development of a 'risk-society'. These changes have great impact on the development of the criminal law. The two projects (one post.doc.-project and one ph.d .-project) shall analyse different dimensions of the criminal law where these societal changes makes impact. The first project concerns the concept of danger and its role in the development of contemporary criminal law. The project seeks conceptual clarit y as a resource for attempts at dealing with contemporary risks by means of the criminal law. The second project concerns the principles of choice of penal level and sentencing in Norwegian criminal law. This project seeks, first, to discuss possible prin ciples guiding the choice of penal level and, secondly, to discuss the principles of sentencing, both in its institutional and substantial aspects. This project is of importance in view of the fact that higher level of repression is a central response to the mentioned contemporary societal challenges.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam