Tilbake til søkeresultatene

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam

RAPID SOCIAL CHANGE, VALUE TRANSFORMATION, AND THE FIELD OF CULTURE. The city of Stavanger as a prism

Tildelt: kr 6,1 mill.

I prosjektet «Rapid Social Change, Value Transformation, and the Field of Culture - the City of Stavanger as a prism» er endringar i verdiorientering og kulturell verdsetjing satt under den sosiologiske lupa. Ein by som har forandra seg frå å vera ein av dei mindre velståande i landet til å vera den rikaste, og frå å vera ein av byane med lågast utdanningsnivå, til no å vera blant dei med høgast, danna reit godt bakteppe for å studera (endringar i) kulturell verdsetjing. Prosjektet bygg på fleire surveys i Stavanger-regionen, data frå Norsk Monitor, og omfattande kvalitative intervju med personar spreidd i byens sosiale geografi og fordelt på to alderskohort (fødd mellom 1945-50 og 1975-80). I intervjua som dannar grunnlag for det kvalitative materiale, har kultur og estetikk vore sentrale tema. Spesielt har vi utforska folks relasjonar til og oppfatningar av arkitektur, litteratur, biletkunst og heimeinnreiing. Her skal vi gje smakebitar frå funn som omhandlar heimeinnreiing og biletkunst. Ser vi på det siste først - heimeinnreiing - så er dette ei kulturell uttrykksform og eit estetisk felt som har forandra seg mykje sidan 1990-talet. Dei estetiske og symbolske aspekta ved heimens innside har fått ein langt større plass i det offentlege mediebiletet dei siste tiåra (i aviser, nisjemagasin, på bloggar osb.). Heimeinnreiing har vorte popularisert og trendifisert. Tidlegare antropologiske og sosiologiske studiar av nordmenns forhold til heimeinnreiing legg stor tyngd på nordmenns praktiske nyttebaserte forhold til heimens innside. Våre kvalitative data frå Stavanger utfordrar denne tanken om nordmenn som praktiske og pragmatiske når det gjeld heimeinnreiing og interiør. I materiale frå Stavanger finn vi mange døme på ublyg vektlegging av estetiske omsyn, og refleksivitet rundt det at heimeinnreiing er og kan vera eit kommunikativt reiskap for identitet. Både endringar som er mogleg å spora i media og gjennom at våre intervjupersoner har både eit stort og sterkt innslag av estetiske orienteringar til heim, gir grobotn for å hevda at praktiske relasjonar til heim har vorte utfordra av estetiske, og til å hevda at vi i dag har eit estetisk hegemoni innan heimeinnreiing. Rører vi oss vidare til verdsetjing av biletkunst, kjem det raskt til overflata gjennom intervjua (der vi både har samtalt om biletkunst og synt fram bilete av maleri), at kunnskap er eit sentralt omdreiingspunkt. Både for å forstå variasjonen i betraktningsmåtar som syner seg, òg som ei stadfesting av den tette kunnskapsknytinga som kjennemerkar samtidas biletkunstfelt. Tre betraktningmåtar syner seg: 1) kunst som ei leiting etter svar, som ei spontan betraktning og eit fokus på det auget kan sjå. 2) kunst som ei leiting etter spørsmål, eller som ei jakt på fortolking, som ei kunnskapsbasert tilnærming der ein primært konsentrerer seg om det auget ikkje kan sjå. Og 3) ei eigarorientert betraktning som ein slags mellomposisjon der ein har nok kunnskap som støttar eigarskap av kunst. Desse betraktningsmåtane forholder seg ulikt til tanken om legitim kunstsmak og til det institusjonelle biletkunstfeltet.

During the last few decades, the city of Stavanger, Norway, has experienced fundamental changes. The city has taken a dramatic step from being a relatively isolated counter-culture petit bourgeoisie city on the losing end in the 1960s, to becoming a first -line city of late modernity in the 2000s. The social changes experienced in this city are changes characteristic of late modernity across the globe, including liberalisation, pluralisation, aesthetisation, globalisation, commercialisation, and individual isation. Whereas these changes generally occur relatively slowly, the transitions between different discursive, historical and socio-spatial structures (religion, oil, culture) have occurred quickly in Stavanger. This situation informs the research design of this project, wherein the city of Stavanger is used as an analytical prism for identifying and analysing the transition to late modernity. Various aspects of culture are used to illuminate social change. Using Pierre Bourdieus theoretical framework, as well as theories on cosmopolitanism and omnivorism, as starting-point, we conduct an ambitious empirical study. We triangulate historical material, surveys and qualitative interviews. For the latter, we employ innovative visual methods (photo elicitati on), interviewing people from two cohorts, born in the periods 1945-1950 and 1975-1980, respectively. The qualitative data form the main empirical emphasis of the project. To test the hypothesis that following rapid social change there will be increased openness, which in turn leads to transformed principles of cultural valuation, we construct four comprehensive cases within the main case. These are about culture and aesthetics: Architecture, literature, home decoration and visual arts. Sociology and va rious disciplines of the humanities constitute the transdisciplinary researcher group.

Budsjettformål:

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam

Finansieringskilder