Tilbake til søkeresultatene

MILJØFORSK-Miljøforskning for en grønn samfunnsomstilling

LAND: Ecological dynamics by wild ungulate grazing

Tildelt: kr 2,3 mill.

Vårt prosjekt, EcoDynDeer, har ønska å bidra til å auke kunnskapen om hjorten si økologiske rolle i skogøkosystemet. Vi forventa at hjortebeitinga skulle gi færre plantearter i furuskogen, spesielt ved mykje hjort. Det interessante, som vi fann ut på Svanøy på kysten av Sogn og Fjordane, var at våre forventingar ikkje slo til. Tvert imot så var det fleire plantearter der vi hadde mykje hjort enn der vi hadde lite eller ingen hjort. Vi fekk berre reduksjon av planterikdommen ved kunstig mykje hjort, som vi hadde i ein hjortefarm på Svanøy. Det er viktig å grave litt djupare i desse resultata for å forstå meir om korleis hjorten påverkar økologien i skogane der den beiter. Vi fann at treslag og lyng var taparar. Dette er også den typiske vintermaten til hjorten. Vinnarar var oftast mosar og blomsterplanter. Samanhengen mellom vinnarar og taparar har ein logikk: når hjorten beiter på tre og lyng så blir det nok og lys for andre arter å boltre seg i på skogbotnen. Ei av dei viktigaste matplantene til hjorten, blåbærplanta klarte seg relativt bra i den hjortebeita skogen, men den får redusert sin biomasse og reproduksjon. Dei tidsmessige endringane som hjorten skaper er veldig viktig har doktorgradstipendiat Marte Lilleeng ved Høgskulen på Vestlandet funne ut. Ved å sjå på data innsamla heilt tilbake til 2001 fann ho at hjorten medfører ei utskifting av planter. Bildet vi kan teikna av eit framtidig skoglandskap full av hjort er der unge rekrutt-tre blir sjeldnare og lågtveksande plantar blir vanlegare. I det store bilete blir plantesamansetninga likare, homogenisert, mellom ulike område der hjorten beiter. Marte har også hjort analysar av billefaunaen og korleis den responderer på ulikt beitetrykk. Fleire biller er vinnarar enn taperar i beita skog, og billesamfunna, i motsetnad til plantesamfunna, blir meir ulike og heterogene i områda med meir hjortebeiting. Vi har utvikla betre feltmetodar for å indusere forsvarsresponsar hjå ville plantepopulasjonar med blåbær som studieart. Tradisjonelle økologiske studiar har nytta gjentatt klypping av biomasse som metode medan våre studiar syner at ein bør bruke spraying med metyljasmonat for å setje i gang forsvarsresponsar. Igangsetjing av forsvarsresponsar hjå blåbær kostar ein god del for blåbærplanta, og reduserer plantene sin vekst og reproduksjon. Blåbærplante kan kommunisera over lenge avstandar og varsle andre planter om insektangrep. Forsvaret er dels forseinka og kan redusere beiting av insekt og hjort i 1-2 år etter forsvaret er aktivisert. Studiane til doktorgradsstipendiat Rafael Benevenuto syner at forsvarsresponsane er kopla til oppregulering av ca. 3500 gen, mange relatert til syntesevegar for planteforsvar, samt nedregulering av ca. 1500 genar relatert til reproduksjon og vekst. Men: vi har enno ikkje klart å finne bevis for at hjorten si beiting set i gang planteforsvaret hjå blåbær. Vi klarer altså å setje i gang induserte forsvarsresponsar hjå blåbær, både sommar og vinter gjennom kjemisk behandling, men hjortebeitinga isolert sett ser ikkje ut til å ha same effekt. Dette kan vera fordi vinterbeitinga til hjort ikkje er noko planta vil eller kan reagera på med forsvarsresponsar, men vi kan også tenke oss at mykje av det induserte forsvarssystemet primært er mynta på insekt og andre virvellause dyr. Desse har relativ enkle enzymbaserte fordøyingssystem, i motsetnad til drøvtyggarar som hjorten sine fordøyingssystem som også inkluderer bakterier, og dermed er kanskje denne type forsvar mindre effektivt mot hjort og andre store beitedyr? Mange andre dyr, enn store pattedyr som hjorten, beiter også på blåbær. Insekt, som t.d. målarlarver, har ofte blåbær og andre lyng og busker som sine viktigste fødeplanter. Arbeid gjort av doktorgradsstipendiat Marte Lilleeng viser at målerlarvene blir færre i beita område enn i ubeita sannsynlegvis fordi blåbærplantene får redusert sin biomasse. Dette er altså ein direkte effekt der store og små beitedyr konkurrerer om same matfat. I tillegg finn vi ein sannsynleg ein kvalitetseffekt, der planter der planter som har opplevd ein gode del hjortebeiting kan vera meir attraktive for målerlarvar enn planter som er blitt mindre beita av hjort. I ei mastergradsoppgåve av Ingrid Renate Gjørvad ved NMBU, blei det vist, gjennom eit såkalla kafeteriaforsøk, at beitehistorikken til blåbærplanta også påverkar smakeligheita. Målerlarver føretrekker planter som har vore lite til moderat beita av hjort, medan hjorten sjølv føretrekker planter som har vore moderat beita av artsfrender. Både målerlarver og hjort unngjekk ofte både ubeita og hardt beita planter. Samla sett viser alle dei ulike studia i prosjektet at hjorten spelar ei viktig rolle i økosystemet som vi har studert. Hjorten er med å strukturere blåbærfuruskogen; den skapar vinnarar og taperar, og kan både auke og redusere biomangfaldet avhenging av kva artsgruppe vi studerer, og kor mykje hjort ein har i skogane. Litt mykje hjort er betre enn ingen hjort.

Today, red deer is the most abundant large wild grazing herbivore in Norway, but we do not know how important the grazing factor it is for the development of patterns and processes in Norwegian landscapes. Nature conservationists have raised concerns that the growing deer population may harm biodiversity and ecological processes. Such knowledge require long-term studies on ecological dynamics that are generally not feasible within regular research project funding. Large efforts and investments have alre ady been made in experimental design and data collection which will benefit the current project. Twelve sites were established in 2001 across the island Svanøy. The experiments were created by establishing a grazing exclosure and an ungulate grazed contro l area (100m2) per site. We have also estimated a gradient in grazing intensity by monitoring the presence of pellet groups. This gradient approach adds the possibility to connect grazing effects to indirect density measures of deer that cannot be attaine d by experimental data alone. Detailed sampling of vegetation has been performed in permanent plots since 2001. Information on dynamics of all forest layers, as well as key plant species will have time series of 10 years in 2011. The combination of an e xperimental study design and a gradient approach is one of the primary strengths of this proposal. In addition we have planned new data recordings prepared together with top national and international scientists, which will broaden the generated knowled ge to indirect effects of deer grazing. This will include analysis of population dynamics of a dominant and ecological important plant species in relation to grazing and resources and indirect effects on the invertebrate community by a network approach an d by testing edibility of important food plants. Moreover, we have designed a special research module to deal with the transfer of knowledge from science to wildlife managers, a prime motivation for this project.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

MILJØFORSK-Miljøforskning for en grønn samfunnsomstilling