Tilbake til søkeresultatene

NAERINGSPH-Nærings-phd

Ledelse i mjølkeproduksjonen

Tildelt: kr 0,86 mill.

I delprosjekt ein vil vi intervjue 90 mjølkeprodusentar frå fem ulike regionar; Østlandet, Sør- Vestlandet, Sunnmøre, Nord- Trødelag og Nord- Noreg. Gjennom intervjua vil vi få mål på mjølkeprodusentane sin human-og sosialkapital, kva utfordringar dei har , samt attribusjonsmønsteret i problemdiagnosen og ikkje minst val av løysingar. Problemløysingsevna er viktig både i den dagleg drifta og i den langsiktige strategiske tilpassinga. Som avhengige variablar vil vi bruke produksjonsdata frå Husdyrkontrollen og økonomiske variablar frå TINE Effektivitetsanalyse. Forskings-designet vil innehalde mål på alle variablar som kjem før den avhengige variabelen slik at vi kan vurdere kausalitet. Som kontrollvariablar vil vi bruke alder, kjønn, storleik på på bruket samt region. I delprosjekt to vil vi studere samdrifter. Samdrift er ei stadig meir vanleg driftsform innafor jordbruket der to eller fleire mjølkeprodusenter går saman om eit opplegg for felles drift. Tidligere studiar av samdrifter har gitt kunnskap om ulike konsekvensar av samdrifter, men har i mindre grad sett på kva som skaper effektive samdrifter. I første fase av prosjektet vil vi gjennomføre ein intervjubasert kartleggingsstudie og forsøke å identifisere kva forhold som er særleg sentrale for samdrifters effektivitet. Gjennom datainnsamling og litteraturstudiar vil vi bl.a. sette fokus på (1) forhold knytt til etablering og igangsetting av samdrifta, (2) forhold knytt til organisering og strukturering av samdrifta og (3) forhold knytt til sams pelet mellom aktørane i den daglige drifta av samdrifta. I andre fase av prosjektet vil vi med utgangspunkt i litteratur som belyser forhold som kan forklare effektivitet i samarbeidsprosjekt, undersøkje og teste ulike potensielle forklaringsfaktorar.

Budsjettformål:

NAERINGSPH-Nærings-phd