Tilbake til søkeresultatene

HAVBRUKS-Havbruk - en næring i vekst

Integrert akvakultur på Vestlandet: undersøking av teknologi, metodar og potensiale

Tildelt: kr 58 249

Prosjektleder:

Prosjektnummer:

205778

Prosjektperiode:

2010 - 2010

Oppdrettsnæringa i Møre og Romsdal tilfører miljøet i havet store mengder næringsemne i form av avføring og forspill. Denne næringstilførselen kan ha negative miljøeffektar og føre til overgjødsling av fjordsystema våre. Ved å plante algar (tang) i nærlei ken av oppdrettsanlegg kan ein få til ein reinseffekt, der algane ved hjelp av fotosyntese bruker overskotsnæring til produksjon av ny biomasse og samtidig omformar CO2 til oksygen. Utanlandske studiar viser at denne forma for oppdrett gir betre levekår o gså for fisken i anlegga. Algar er eit produkt som er omsettelig, men der er sannsynlegvis store muligheiter i å kartlegge eksisterande og finne nye marknader både innan matvare, medisin, kosmetikk og bioenergi. Dersom denne typen akvakultur blir vellukka vil der vere eit stort behov for ny teknologiutvikling. Det kan derfor vere nyttig at oppdrettsnæringa og utstyrsprodusentane i Møre og Romsdal er involvert i utviklinga av integrert akvakultur på eit tidleg stadium. Prosjektet tar mål av seg til å kartl egge eksisterande kunnskap innan emnet. Denne kunnskapen skal formidlast og gjerast tilgjengeleg for oppdrettarar, næringsutviklingsmiljøet og forvaltning slik at ein kan jobbe imot ei meir miljøvenleg og samtidig økonomisk berekraftig oppdrettsnæring i f ellesskap. Eit viktig verkemiddel for å få til dette er å arrangere eit workshop med regional, nasjonal og internasjonal deltaking i løpet av hausten 2010.

Budsjettformål:

HAVBRUKS-Havbruk - en næring i vekst