Tilbake til søkeresultatene

VRI2-Virkemidler for regional innovasjon 2011-13

Kompetanse for ei kunnskapsintensiv framtid. Kva gjer marine og maritime arbeidsplassar attraktive for høgt utdanna arbeidskraft?

Tildelt: kr 1,5 mill.

Marin og maritim næring i Møre og Romsdal blir i stadig større grad kunnskapsbasert og tilstrekkeleg tilgang på relevant kompetanse er ein av føresetnadane for innovasjon og vidare utvikling Samhandlingsprosjektet i VRI Møre og Romsdal for perioden 2011-2 013 fokuserar derfor framleis på samspelet mellom FoU-miljø og bedriftene innanfor maritim og marin næring. Forskarprosjektet 2011-2013 grip også tak i utfordringane knytt til kompetanse, der det blir lagt til grunn at den kompetansen bedriftene sjølve f orvaltar er avgjerande for samspelet mellom FoU-miljøa og bedriftene. I prosjektet vert det utvikla kunnskap om mekanismar som hemmar og fremmar bygging av kompetansemiljø innafor desse næringane i Møre og Romsdal. Forskingsprosjektet ser nærare på denn e problemstillinga: Kva påverkar attraktiviteten til arbeidsplassar i marine og maritime bedrifter i Møre og Romsdal for høgt utdanna arbeidskraft? Gjennomføringa av prosjektet vil vere basert på to sentrale informantgrupper: Det er lagt opp til ei stegv is innsamling av data, der (representantar for) bedriftene er informantar i første steg og høgt utdanna nøkkelarbeidskraft i dei same bedriftene er infomantar i steg to. Resultat frå prosjektet vil vere to paper, to innleverte artiklar til tidsskrift me d referee, enkel rapportering med samandrag av funn, to populærvitskaplege artiklar og diverse presentasjonar til ulike brukargrupper i tillegg til informasjon til media.

Budsjettformål:

VRI2-Virkemidler for regional innovasjon 2011-13